onsdag 11. desember 2024

Sløyfene og flokkane. Kviteseid og Kvitsund

 Så sit eg der med den sløyfa og den tida som representerer den lengste perioden av den tida me fekk saman, Knut og eg.Våren 1975 flytta vår vesle familie inn på Kvitsund. Her skulle familien veksa og bli større for så å bli mindre igjen, heilt til me berre var to som melde flytting frå Kviteseid igjen våren 1997. Då hadde me budd i denne bygda i tjueto år. Bygda og skulen som hadde prega oss, litt på vondt, men aller mest på godt. Eg såg ikkje så lyst på det den første gongen eg blei med Knut på "rekognosering". Eg syns me kjørte lenger og lenger ned i ei dump frå Brunkeberg. Kunne dette vera ein stad å bu? Knut forstod det ikkje. Her var det jo så fint. Og etterkvart blei eg veldig enig med han. 
Knut hadde eit livslangt forhold til Kvitsund. Alt då skulen blei opna for 70 år sidan var han der på opningsfesten saman med sine foreldre som var glade for at skulen såg dagens lys, Onklane og tantene hans var også trufaste støttespelarar, og kusinene i Drangedal var av dei første elevane som Kvitsund fekk. Ein av brørne gjekk der også, og i 1961 var det Knut sin tur. Eit av åra på veg mot realskuleeksamen fekk han bu på Brokefjell hotell som  fungerte som internat.  Han likte internatlivet, kunne godt leva med dei reglane som var der, og her var det han fekk stadfesta si kristne tru som varte livet ut. Gode venner fekk han frå heile Vest-Telemark, også frå Kviteseid. Dessse hende det han traff igjen når han seinare i livet vandra rundt i Kviteseidbyen.  Dei fine gamle husa stod der, framleis, og ikkje minst var det folk å kjenna igjen bak disken. På Torp Hansen sin bokhandel, Jakobsens bakeri og i banken. Kviteseidbyen blei fort ein plass der han følte seg heime. 
På Kvitsund blei me ynskt velkomne av Olav og Elisa. Dei var der då Knut var elev, då me kom dit i 1975 og dei er der framleis! Det er flott. Me budde først nedmed veien vegg i vegg med Ellen og Oddbjørn som kom samtidig med oss. Bjørg og Arnolf budde oppe i lia og var snare med å be oss på kaffe. Alt før arbeidsåret var i gang så hadde me blitt inviterte inn i små fellesskap. Astrid og Kjell budde i tunhuset, og Astrid kjende Knut frå gymnaset, og kanskje til og med frå barndommen i Bamble. 

Snart blei det me som kunne invitera dei som kom nye til Kvitsund. Hadle kom eit halvt år etter oss.  Han  var åleine dei første månadane og var glad for å få komma på ein enkel middag og ein god drøs ein gong imellom. Seinare kom familiane i tur og orden: Bergkåsa, Foldøy og Tveit og seinare Aamaas og Køhn og Nødland. Alle med barn i ein "passe" alder. Astrid og Jan Gunnar var elevar då me kom dit, men jammen gjekk det ikkje lenge (??) før dei var attende og flytta inn i ein lærarbustad. Åsa hadde også ein lang Kvitsund-historie, men for oss blei ho først og fremst den gode naboen etterat ho og jentene hadde flytta inn i nabohuset.

Ein utflytta kviteseiding antyda ein gong at det måtte vera einsamt og trist å bu isolert der ute på Kvitsund, utan kontakt med bygda og dei "innfødde".  Me forstod det ikkje. Me følte oss nyttige. I ei såpass lita bygd måtte alle stilla seg villige til å vera med i styrer og råd og på dugnader dersom me, og ikkje minst våre barn, skulle få vera med på det som gjekk føre seg. Og Knut stilte opp på dugnad i barnehage og skule. Han var med i sokneråd og styret i hornmusikken. Han var til og med oppmann på fotballen og nestformann i skulestyret.

Han fekk venner i dei fleste lag av kvitseidingar, men livlinja mellom Kvitsund og bygda var først og fremst lærarfamiliane som flytta ut frå Kvitsund  og blei med ungdomsskulen bort til bygda. Dei bygde seg hus i tur og orden, både Svela og Røise og Foldøy og Lindheim. Gode kontaktar!.  Liv og Jan Einar kjende Knut frå før, og Tora og Thorleiv også. Tar eg ikkje feil så hadde Gunhild sin oppvekst i same bygda som Knut budde i i fire år av sin første barndom, og dei hadde felles kjende, så kontakten blei fort gjenoppretta då ho kom til Kviteseid. Om søndagane hadde han i ein periode søndagsskule for ungane på Kvitsund. Han var også ein trufast kyrkjegjengar og då det skulle setjast opp nytt Misjonshus, sette han om trent livet til då han stilte på dugnad og datt ned av taket. Det gode med all frivillig aktivitet var at dette skaffa oss ei stor kontaktflate som var der også når me hadde flytta. Då var det etter kvart ikkje så mange igjen som me hadde kontakt med på Kvitsund, men me surra gjerne litt rundt i sentrum og traff ofte på gamle kjende som me kunne slå av ein prat med. Mange opna dørane sine for oss og stilte med kaffi og drøs. Hadde me blitt buande der så ser eg for meg at Knut ville blitt sitjande på benken saman med Hadle og prata med bygdefolk som for forbi. 
Slik skulle det ikkje bli, og då var lukka å få seg ei hytte som gav oss muligheten til å komma "heim" igjen. Den fekk me til slutt i Åsgrend, og då Knut fylte 65 inviterte han kviteseidvener og familie til kaffi og kaker på hyttetrammen. Det var andre også som skulle feirast, usikkert kor mange.  Så Kjell Arne (som Knut kjende frå Oslo-tida) gratulerte berre "dei det måtte angå", sjølv om han ikkje hadde fått det klart for seg akkurat kven det var 
Knut var glad for å vera på hytta, men ikkje minst for å treffa gamle kjende.
 Men det fans også andre treffpunkt. Mange hadde hatt si tid på Kvitsund og hadde flytta nærare slekt og familie. Men mykje knytte oss saman og me danna etterkvart ei slags seniorgruppe som kunne reisa land og strand og besøkja. kvarandre. I 2013 då me budde på Bømlo, fekk me fint besøk som var med å feira Knut sin 67-årsdag i Moster Amfi. Mostraspelet fekk dei også sjå. Men me var ikkje berre på Bømlo. Fleire gonger var me på Sørlandet hos Eriksen og Bergkåsa og me var i Oppdal hos Saltbones. Me fekk besøk då me budde i Asker, og ikkje minst kunne me treffast i Kviteseid. De blei absolutt ein av våre viktigaste flokkar, og eg har lyst å sei TUSEN TAKK for alt det gode de fekk bety i Knut sitt liv.


Dessverre er det framleis nokon som ikkje veit korleis Kviteseid skal skrivast!






torsdag 21. november 2024

Sløyfene og flokkane. Suppegjengen i Oslo, 1967-



Student 
Hausten 1967 stod Knut på det store Universitetet i Oslo og skulle vera student. Kanskje kjende han ein eller to frå gymnaset i Bø, men det var ikkje så lett å finna dei igjen i mengden. Godt då at det etter kvart blei ein og annan han kunne kjenna igjen frå andre samanhengar. Først var det Fjellhaug studenheim. Hit kom han frå kvar morgon, anten på sykkel eller med 20-bussen (eller var det 27?) frå Crl Berner. Det var det også mange andre som gjorde. Studentlaget blei den åndelege heimen,

og her fann han sin plass blant realistane. Ein kveld i veka var det øving med sangkoret Jubilo og omtrent kvar søndag fann me (eg var også der) vegen inn til Nordmarkskapellet på gudsteneste. Det tok si tid å komma dit med buss og bane og til fots, men vel framme var det drøs og varme vaflar etter messa. Så bar det attende samme vegen. Når me så steig av Holmenkollbanen på Majorstua var me støle, men også trøtte og svoltne,
Ofte la me difor lag bortover Kirkeveien til me fann Frelsesarmeen sin kafe Hungersnøden (kafeen heitte sikkert ikkje det!), Her var porsjonane rikelege og prisane overkommelege. Fellesskap oppstod undeveis, og eindel blei enige om å møtast til same tid og på same tid på studentkafeen Fredrikke for å eta lunsjen sin saman, og leggja eventuelle felles planar. Dette var starten til den såkalla Suppegjengen. 
Knut sa av og til at den beste tida hans i livet var studietida i Oslo. Ikkje minst pga Suppegjengen; ein sosial gjeng utan skarpe grenser for kven som var med og ikkje,  Kjernen var eit knippe farmasøytar og andre realistar med sosiale og organisatoriske talenter. Dei inviterte til felles bursdagar og turar. Enkelte fekk seg kjærast innad i gjengen, mens andre ynskte seg ein. Knut kjende Terje frå før og song med han i Jubilo. Der song også Randi og Tove, og Knut var  kapellvakt saman med Tove i Nordmarkskapellet. Alle desse budde  i likhet med meg på Fjellhaug, og dermes hende det at eg fekk bli med også, sjølv om eg ikkje song i Jubilo, og heller ikkje studerte realfag. Dei turane dei fleste hugsar  gjekk til Rotvasstølen i Valdres, med Torunn som eminent vertinne.


Knut var ekstra begeistra for haustturen der me fekk oppleva fjellet med sine fantastiske fargar. Og gode vennskap som skulle vara livet ut. Etter kvart blei folk ferdige med utdanninga si. Eva og Marit fekk jobb på eit apotek i Kragerø, og inviterte oss alle på besøk ei helg. Eksotisk og spennande! I 1973  hadde  Knut avlagt sin embetseksamen som det heitte i den tida og eg gjorde meg ferdig med mi utdanning. Me gifta oss, flytta til Kviteseid og fekk tre søner, og i 1984 flytta me inn i nytt hus.
  
Grillfest i Kleivstaulvegen
I juli 1987 inviterte me så heile Suppegjengen med familiar på besøk ei helg. Det gode med Kvitsund var at her var det alltid ei ledig seng eller fem midt på sommaren. Ein stralande happening der me fekk fornya fellesskap og vennskap! No sit det pensjonerte lektorar og farmasøytar og kva dei no vart til alle i hop rundt i landet. Enkelte blei buande i Oslo-området, og Hans fekk Knut tilogmed som kollega då han byrja på KG i 1997. 
No er alle opp i åra og helsa er vel sånn passe, Etterat me flytta til Stavanger blei vegen lengre for dei fleste, men kortare for andre. Tove var kanskje den yngste, men sjølv ho blei 74 her om dagen og ho bur berre nokre rundkjøringar unna, så då fekk eg  komma på bursdagskaffi! 



Det kom representantar til begravelsen også og krans med sløyfe. Med fjorten navn! Terje var der I tillegg kom Randi og Tove (og Arne)  med si eiga blomehelsing, Og Fred Lyder kom! Pensjonert prest, men også formann i studentlagsstyret som Knut var med i for over femti år sidan. Lenge tenkte eg at Knut var den første som døydde, men når eg ser på bileta frå ein av fjellturane i Valdres så ser eg Nils Ivar sitt smil som stråla omkapp med haustfargane. Kanskje den næraste av Knut sine studievener; dei studerte saman heilt fram til embetseksamen. Rett før jul i 1988 var hans tid på jorda omme, og på vår 15 års brudlaupsdag  måtte me dra til Åndalsnes i Nils Ivar sin begravelse. 
No var  det Knut som skulle fylgjast til sin siste kvilestad. Det gav lys og varme at så mange som har kjent han lange ville gå med det siste stykket, eller senda sine helsingar. Lys på ein mørk dag.  Me visste ikkje at det me fekk den gongen var venner for livet. Takk!

lørdag 16. november 2024

Sløyfene - og flokkane. Familie og slekt


Kva skulle dei så tena til, alle desse kransane og bukettane med sine sløyfer? Blomane blei lagde på gravplassen for å visna og døy, men sløyfene tok eg etter kvart heim og las omigjen. Enkle helsingar med En siste hilsen, Takk for alt eller Takk for vennskap og gode samtalar.
Men navna!  Kjende og kjære navn var flokkane som Knut (og oftast også eg) hadde vore ein del av opp gjennom livet. Dei gav oss så mykje glede både der og då, men også seinare når  me mimra attende. No har eg ingen å mimra med om alt dette, så no vil eg bruka bloggen til å få fram gamle flokkar og gamle minne. Ingenting vil gle meg meir enn om de vil bidra, de som les. 

Det raude hjartet kom frå oss som meiner at me stod Knut nærast, og som me likte å tenkja på som flokken vår. Sytten var me; no er me seksten. Barn og svigerbarn og barnebarn som me har hatt mykje glede av og med, og som eg likar å tenkja på no. Tenkja at eg ikkje er åleine igjen. Siste familiebilde blei teke på min bursdag for to år sidan.

Dei flokkane som i utgangspunktet berre var Knut sine, har etter femti år også blitt mine. Ikkje minst gjeld det hans slekt og familie. Knut hadde i utgangpunktet alle sine i Telemark (og Amerika) og det som var av søskenbarn hadde han i Drangedal. Hit, til Eie, var det dei reiste for å besøkja slekta, og hit fekk me komma på slektsstemne i 1987. Det var då bror Harald laga dette flotte familietreet der me kunne finna eigne navn, men også navna til dei andre som var samla. No er dei borte, så godt som alle som høyrde til vår generasjon. I tillegg til bror Nils lever berre dei fire søskenborna på Eie, og dei har .  Knut hadde god kontakt med gjennom alle år.

Telefonar og kort på slutten, og til gravferda kom blomehelsing. Dei som kom og som kjende igjen desse navna, var nok dei som sjølv hadde navna sine på dette slektstreet. 
Bror Nils er den eine av Aaslandsbrørne som lever. I tillegg hadde Knut sju som han var onkel til på den sida, og alle kom eller sende sine helsingar. Mange treff på Åsland med små og store gjennom store deler av oppveksten til gutane våre, men også juleselskap og konfirmasjonar i Vinje og Skien og på Nesodden. Dei seinare åra blei det ogå samlingr på Åsland for å feira sytti- og åttiårsdagar.


Slekta mi hadde også sine representantar på plass. Svograr og svigerinner var det her og søskenbarn og "onklungar".  Denne delen av slekta møter vi framleis på Bømlo om somrane, så langt det lar seg gjera. Mykje å ha felles minne om, minne som bind oss saman.
På Bømlo fins det også søskenbarn i vår generasjon, og dei hadde me eit fint treff med på Hollund for eit par år sidan. Dei sende også blomar og helsingar til gravferda, og fleire av dei var der også.





onsdag 6. november 2024

Om å beskikka eit bu, samt feira Allehelgen


 Buet skulle ikkje akkurat gjerast opp, etter som det første skjema eg skulle senda inn var meldinga om uskifta bu. Uhyre krevande i seg sjølv, men så var vel det verste over? Ikkje akkurat. Det kom ein straum av meldingar, epostar og brev i posten frå alle instansar der min kjære gemal kunne tenkjast å vera registrert. Alt skulle svarast på og alle skulle få dei rette opplysningane. Når så tingretten hadde fått alle dei opplysningane dei trong, kom det brev frå NAV og Statens Pensjonskasse. Dei fortalde både på og mellom  linjene på fire fem A4-sider kva eg no kom til å få å leva av, mens Sparebanken Sør gjorde klart kva som skjedde (eller ikkje skjedde) med dei pengane Knut hadde der. Frå Tingretten kom det skifteattest som skulle sendast til alle "interesserte" som sende nye brev om kva som no kom til å skje. Kanksje krov dei nye opplysingar og ikkje alt var like lett å forstå, så då gjaldt det å finna eit telefonnummer å slå. Eg måtte gå mange rundar ang. forsikring og bil. Utruleg hjelpsomme og forekommande folk traff eg både i Tryg og på Statens veivesen. 

I dag kom nye forsikringspapir, og eg fekk mitt første vognkort i livet, tilsendt i posten. Autosync var nokon som tok kontakt, men kven var no det? No har eg forstått det, og eg har fått ny bombrikke, så no kan eg passera bommar med rabattert pris. Om det lønner seg, veit eg ikkje akkurat I alle fall har eg no montert den ny brikka og skal kasta den gamle, men det blei ikkje tidsnok til å få ta brikka i bruk sist veke då eg reiste i gravferd til Reidun.

Enno er eg ikkje kommen til abonnement som skal vidareførast eller seiast opp. Fekk ein purring på ein rekning her om dagen med ein godt skjult trussel om kva som kom til å skje dersom ikkje Illustrert Vitenskap blei betalt straks. Det stod eit telefonnummer der. Eg ringde, snakka med ein hyggeleg svenske som beklaga og sletta både abonnement og purregebyr mens eg venta. Redelege folk å treffa her også!

Den norske kyrkja er også på banen med tilbod om seminar og sorggruppe, og om minnegudstenester i forb. med Allehelgensdag. Så no er eg blitt festar av ei grav og må etterkvart ta stilling til tilbod om gravstein. Det stod ikkje navn på grava då me kom der første gongen etter gravferda, men det er heldigvis retta opp.

Utrusta med lys og blomar blei det ei fin lita samling ved grava Allehelgensdag. Mange hadde vore på "sine" graver og tent lys før oss, så det var eit fint syn i tusmørket då me kom, men det var vanskeleg å få fram på bilde.
Me delte våre tankar om døden og om himmelen, og dei minste kom også med sine minne om ein frisk og levande farfar. Ein som las høgt, som viste korleis dei skulle bruka ein vedkløyvar, og som tok dei med seg når flagget skulle heisast på Bømlo. Heretter er det berre i minnene våre han lever.



fredag 4. oktober 2024

Knut (1946-2024)

 

For eit år sidan var me samla på Sola Strandhotell for å feira gullbryllaup. Litt tidleg så Knut skulle vera i stand til å vera med. Endå han hadde fått ny blyant og viskelêr, fekk han ikkje til å skrive tale slik han gjorde for femti år sidan. Men den gongen snakka han om at han kom frå skogen i Bamble for å gifta seg med ei som hadde vakse opp på ei øy. Han samanlikna seg sjølv med barskogen som stod der trygg og traust og nokolunde lik i år etter år, mens eg meir var som eit lauvtre å rekna. Meir foranderleg gjennom året med blad som spratt og vaks og visna.  
Gjennom åra har dette bildet blitt meir og meir tydeleg på livet vårt saman. Når eg har stått i mine små og store stormar i livet, så har han vore der som den trygge og stødige og støttande. Ein verneskog har han vore, både for meg og for gutane våre når dei trong det.

Knut var trygg i si tru og trygg i sitt yrke. Han har vore glad for å få undervisa i fysikk og matematikk og fått gode tilbakemeldingar på sitt arbeid som lærar. På Kvitsund skulle han også ha andaktar ved frukosten i matsalen, og då var det viktig for han å ikkje komma som lærar som skulle setja karakterar. Som andaktshaldar var det viktig for han å presisera at alle var like verdige til Guds kjærleik, uavhengig av kunnskapar i matte og fysikk.

Han var nok litt betenkt på korleis han skulle takla elevar frå Oslo og Bærum då han kom som lærar til KG i Oslo. Han hadde trivs så godt med elevane på Kvitsund. Litt sjenerte landsens gutar og jenter  kjende han seg heime med. Korleis skulle det gå med han og byungdommen? Til sin overraskelse så likte han dei rektig godt. Dei var ikkje så sjenerte og dermed kom dei opp til kateteret og prata og spurde, og dei kunne også komma fram og skryta av han! Det var ein ny opplevelse.

Tilbake i Oslo og i Asker fekk han også treffa igjen gamle venner frå studietida.


Han tok sin del av arbeidet med hus og barn. Han likte å vera saman med gutane. Vera nær dei slik hans far hadde hatt lite krefter og tid til. Ekstra stas at det blei søner han fekk. Dei kunne han ta med i kjellaren og i arbeid med verktøy og med bil og  båt. Det var jo gutar han var vant med, sa han. Sjølv var han yngst av fire brødre. Han var stolt av sønene sine, alle tre, og han skrytte gjerne av dei når han hadde ein anledning. Seinare blei det også ni barnebarn å skryta av. Og tre svigerdøtre; ikkje minst blei han imponert over Kariann som viste seg å ha kjempekrefter då pianoet vårt skulle flyttast!

Han syns ofte det var godt å vera heime, men når det blei slik så hadde han stor glede av langturar til Amerika og til Madagaskar, og av lange kjøreturar ned gjennom Europa.Dag  etter dag bak rattet var greitt for han, dersom eg bestemte kor me skulle sova og eta.  Sertifikatet var noko av det som var vanskelegast å gi frå seg.

Kanskje var Kviteseid den staden der han kjende seg mest heime. Der budde han den lengste delen av sitt liv, og der hadde barna vakse opp. Det var fint med turar til hytta i Åsgrend så kunne me sjå om gamle vener i Kviteseid, men han syns også det var stort det året me var vertskap for mine barndomsveninner og mennene deira på Telemarkstur. Då fekk han verkeleg visa fram alt han var stolt av og glad i.

 

Han fant seg til rette der han var, og var ikkje så interessert i forandringar. Alle gutane hadde gjort vestlendingar av seg utan å spørja oss om lov, så ein dag foreslo eg at me kunne flytta til Stavanger. Då får eg aldri ein glad dag meir, sa han. Eg sa straks at då skulle eg aldri nemna det meir. Men alt neste dag kom han og sa at det var ein god ide å flytta til Stavanger. Då me fyrst var her såg han seg ikkje tilbake. Og så lenge han kunne bidra med noko, hadde han ei god pensjonist-tid.

Ikkje så lenge etter at me flytte hit så fylte han 70 år. På dagen hans fekk me låna stova til Per Helge og Elisabeth og dit inviterte me omtrent alle me kjende i Stavanger til kaffi og kaker. Det var ikkje så mange. Kaka med notane til Handels Messias, som me nettopp hadde begynt å øva inn i koret, gjorde stor lykke. Og så var det alle songane. Eg hadde prøvd å finna fram til songar som han hadde sunge i kor, eller som sa noko om livet hans . Han var ikkje ein mann med store ord, men då han kom heim den kvelden gjekk han fram og tilbake på golvet: "Eg er så lykkeleg! Eg er ein veldig heldig mann! Så fine ord og så fine gjester. Og alle dei gode songane!"


Mindre lukkeleg blei han ikkje då han fekk feira vidare saman med storebror Lars som fylte åtti. Stort  langbord var dekka på tunet på Åsland der han hadde sine første år, og der me hadde så mange fine samlingar om somrane i gutane sin oppvekst.

I Stavanger fekk me vera saman i mange samanhengar; som frivillige i kyrkja, i NMS-Gjenbruk, i husfellesskapsgruppa og ikkje minst i koret. Han ville nok hatt glede av å syngja med på konsertane med tekstar av Lina Sandell.
 Då han datt han ned av taket på Misjonshuset i Kviteseid der han gjorde dugnadsarbeid, kunne det ha stått om livet. Det gjekk rimeleg bra, men han måtte sendast med ambulanse til sykehuset i Skien, og det var brudd både her og der. På sykehuset kom det ei lita sanggruppe og song for han: Ingen er så trygg i fare. (Eller Tryggare kann ingen vara, som det heiter på svensk).Han syns det passa så godt, for det hadde jo gått bra. Me var ikkje heilt enige om den saka. I alle fall var han glad i Lina Sandell sine songar, Så det passar at det er hennar tekstar som blir sungne her.

Knut likte når han kunne bidra med noko som pensjonist. Han koste seg med dugnadsarbeid på Himmel og hav, i Y’s Men og ikkje minst som leksehjelp i Røde Kors på biblioteket og i fengselet. Her, i fengselet, trur eg han hadde si siste, men også ei av dei største opplevelsane som pedagog. Ei av dei innsette jentene ville prøva å ta opp igjen fag.  Ho var mørk. Svartkledd frå topp til tå og med eit mørkt ansiktsuttrykk.  Ho sa at matematikk trong ho ikkje prøva seg på. Det hadde ho aldri fått til. Men Knut meinte dei kunne prøva saman. Dei hadde god tid, og etter kvart var det som om noko losna. Han meinte ho kunne prøva seg på fleire oppgåver til neste gong. Då han møtte henne igjen så var det som om ansiktet hadde fått eit indre lys: Eg klarte oppgåvene! Eg kan få det til! Knut var takknemleg. Han hadde fått henne til å tru at ho ikkje var håplaus. Ho var noko verdt! Det var viktigare kunnskap enn sjølve matematikken.

For eigen del kom han lenger og lenger inn i eit mørke dei siste åra. Livet var vanskeleg å forstå, og han måtte slutta med ting etter ting av det han var glad i. Lengst heldt han fast i koret og songen og musikken For få år sidan var han med å syngja inn Visst skal våren komme med koret Veka før han døydde fann me opptaket på nettet og hadde glede av det. På nettet fann me også Gaithermusikk og Salmeboka minutt for minutt. Berre timar før livet tok slutt stod to små barnebarn ved sengekanten og song Navnet Jesus og Deg være ære

Mot slutten av livet var Gudstrua enkel, og han var mykje oppteken av himmelen.  Når han kom dit ville han gå rett fram til Jesus, ta han i handa og sei Tusen takk!
No trur eg han er kommen fram og at han ventar der på oss andre. Eg takkar for fylgjet så langt!

søndag 22. september 2024

Håp som forsvant

 

Eg kasta alle dei gamle medisinene til Knut her om dagen. Og plutseleg gjorde det veldig vondt å sjå den store stappfulle bæreposen som skulle leverast til apoteket til destruering. No berre «farleg» søppel, men ein gong bar kvar enkelt medisinpakning og pilleglas med seg håpet om eit betre liv. Heile tida nye håp.  Han hadde god tru på legane som tok han på alvor, undersøkte og gav han nye reseptar og medisi
nar. Dei skulle hjelpa for det eine og mot det andre. Dei som jobba på apoteket hadde han også sans for, ikkje minst etter at han besvimte der og alle dei tilsette stilte opp for å hjelpa han. Neste gong han kom dit kom dei ut frå krikar og krær og ville vita korleis det gjekk med han. Jo, han følte seg heime på apoteket. Men til tros for alt dei kom med, så blei han ikkje så frisk som han, og eg, ynskte. Og no er det ikkje lenger vår oppgåve å finna dei rette pilleglasa og den rette dosen lenger.
Andre tar hånd om det, og gir han det han treng.

Bak alle medisinpakkane i skapet finn eg ein uopna hobbypakke for barn. Noko av det siste Knut sa mens han framleis tenkte framover, var at han tenkte han måttee satsa på barnebarna.  No har han glede av dei som kjem på besøk, men han hjelper dei aldri meir med byggjeprosjekt. Her eg sit, ser eg mot apoteket, men litt lengre bak vaiar eit stort norsk flagg. Her har Tirill sin første skuledag i tredje klasse i dag. Minst av "våre" er ho alt garva skulejente på veg mot eit godt liv. Antakeleg for stor til hobbypakken som farfar har spart på, så kven får den no?

Eg sat på ein benk ved fjorden her om dagen. Eg hadde både termos og bok, men på ein benk nær meg sat ein svart ung mann heilt stille og såg ut i lufta. Eg kunne ikkje la vera å lura på om han også kanskje hadde hatt håp som forsvant.

fredag 20. september 2024

Elleve gamle damer på ei hytte i skogen

Ja, for me er vel gamle når den yngste har fylt 73?

I desse dagar er det femti år sidan NLM starta opp Kvitsund Gymnas og jubileet skal feirast til neste helg. Neste sommar er det femti år sidan vår vesle familie kom med alt sitt pikk og pakk og flytta inn i eit av murhusa nedveg vegen. Vegg i vegg med Ellen og Oddbjørn og Hildegunn.

På bildet ser de vår vesle, lett bekymra familie slik me såg ut då me kom til Kvitsund
Meininga var å bli der og gjera ein innsats i nokre år, men å flytta igjen i god tid før Agnar begynte på skulen. Slik skulle det ikkje gå. I 23 år blei me buande der. Heile oppveksten til gutane våre. Mykje å takka for og mykje å minnast. 
Og mykje hadde me felles, me elleve som no møttest i hytta i Åsgrend; den hytta me skaffa oss til bruk når lengten attende blei for stor. Tre av damene blei eg kjent med då me kom til Kvitsund, og dei sju andre kom i tur og orden. Alle som småbarnsmødre den gongen. Treogtredve barn fekk me til saman. No er alle bestemødre, og dei fleste har flytta frå Kvitsund. Tre bur der framleis; no i eigne hus. 


Denne mandagskvelden i september måtte me ha litt ordna taletid for at ikkje alle elleve skulle snakka i munnen på kvarandre. Alle fekk tre minuttar(ca) til å fortelja om kvifor dei kom til Kvitsund og om den første tida der. Det var interessant! Mykje var felles. Dei fleste kom fordi ektemennene(!) fekk jobb der, og dei fleste mennene var "headhunta" eller "kalt" til tenesta som det heller heitte i desse kretsar. Det blei kravd mykje av dei som ofte hadde sin første jobb her. Undervisning var ein ting, men i tillegg kom husfarvakter og nattevakter. Dei skulle ha andakt i matsalen og leda møter og festar. Dei første åra måtte dei (eller konene) ettter tur gå brannvakt i Gamlebygget, fram til det blei installert nytt sprinkleranlegg som tok over. Heime sat koner og barn, og no i ettetid syns me at barna hadde ein strålande oppvekst på Kvitsund! Så mange venner, så mange opne dørar å gå inn om noko stod på. Stor fridom til å leika ute, sjølv om bilane kjørte fort på veien som gjekk gjennom området. Skummelt når våre som budde på oppsida av veien ville til pappaene sine som dei trudde berre sat på lærarrommet og åt nistematen sin(!) Med åra blei tilgangen til vatnet eit stort pluss. Søndagsskulen og barnelaget, 17.mai-frukost og felles jonsokbål. Hadde ungane det bra, så hadde mødrene det bra. Grannane var gode alternativ når me ikkje hadde besteforeldre tilgjengeleg. Det var også drøssvis av barnevakter å finna i elevflokken når me trong det. Og damene hadde sine samlingar med felles føremiddagskaffi der dei hadde barn i omtrent same alder, men også var me samla til misjonforeningsmøter og bønnesamlingar.
Etter kvart fekk dei fleste damene seg jobb "i bygda" og knytte nye kontaktar. Men bandet til Kvitsund var alltid der, og når me mimra attende så var det slett ikkje den verste plassen å vera småbarnsmor på.

Eg syns det var interessant å høyra alle treminuttane, men i ettertid angra eg litt på at eg ikkje hadde bedt om eit tredelt innlegg. Del to burde vore om korleis det hadde gått med alle våre trettitre barn, og del tre om korleis det har gått med oss? Kva fyller me liva våre med, og kva er viktig for oss i september 2024?
Knut har ein lang historie med Kvitsund og ville nok gjerne ha vore på jubileet. Alt då Kvitsund for sytti år sidan hadde sin fyrste fest for å feira at Misjonssambandet hadde kjøpt skulen, var han med sine foreldre dit. Overnatta gjorde dei på flatseng på loftet i Gamlebygget. Seinare kom han dit som realskuleelev før han blei tilsett som lærar i 1975.






lørdag 10. august 2024

Plommer og andre velsigningar

 

Ofte kan det vera småting som set i gang tankane på det som har endra seg opp gjennom generasjonane. I dag var det plommene. Eg sit her med ein overflod av plommer; meir enn eg visst kan rå med. Gode venner med store plommetre og rause og gavmilde hjarto gav meg lov å plukka det eg ville, og dermed blei det ein «velsignelse» som dei sa i gamle dagar.

Tankane går tilbake til mor.  Til dei plommene ho hausta, og til syltetøyet ho laga. Sylltetøy var ein viktig del av pålegget me hadde på brødskivene. Då galdt det å vera ei god husmor som sytte for at det var nok syltetøy, og at ikkje alt det beste var oppete før påske. Mor var ei flink husmor, og ho formante oss om å smørja syltetøyet tynt på skivene. Aldri eta syltetøy med skei! Ho var ikkje imponert over dei som heiv seg over rabarbraen så snart den kom. Rabarbrasyltetøy trong mykje sukker, og det var visst ikkje så sunt heller. Men rabarbragraut til dessert, gjerne kokt med rosiner og kanel, det var godt! Og mens mor sylta solbær og stikkelsbær og safta rips, gjerne saman med solbær (for at det skulle bli litt sunnare?), så blei det gjerne lagt inn ein tur på sykkel mot Mækjebakkskogen på jakt etter blåbær og til Fet etter tyttebær, og så venta ho heile tida på plommene. Når ho syns det blei for lite av det andre, så tenkte ho på plommene som snart skulle bli modne.
Etterat mor var borte snakka søstera om det: «Ho stolte alltid på plommene, mor di» Ikkje at me hadde så mykje plommer heime i hagen. Der var det mest blåplommer til å eta. Men inne på Innvær der ho hadde vakse opp, der 
stelte bessen  alt med kyndige og hageglade hender, og der vaks alt betre enn nokon annan stad me visste om. Berre bessen hadde kvite rios og berre han hadde eit høgt pæretre. Han hadde tidlegeple og mateple og, best av alt, han hadde mange plommetre! Gule plommer, Opal, Viktoria og dei ekstra store og saftige som heitte Reine Claude. Plommene blei modne litt etter litt, og mor kunne fylla bøtter med så mykje som ho kunne rå med å sylta om gongen. Mormor hadde ikkje helse til å driva med slikt, så det var lenge mor som kom tilbake med syltetøy.  Etter plommehausten kunne mor stort sett sjå vinteren trygt i møte. Ho hadde nok saft og syltetøy, og når ho trong noko spesielt til gjester så kunne ho finna fram hermetiske plommer, samt litt rå ripssaft og gele. No til dags har eg funne ut at det går an å få kjøpt hermetiske plommer på butikken i Åkrafjorden . og sikkert mange andre stader. Eit lite glas annakvart år, kanskje? Det må eg spara på.


Hermetiske plommer kunne me ikkje ha til dessert kvar veke, men så fans det restar av syltetøy, iblanda med saft som kunne kokast opp og lagast til fruktgraut eller fruktsuppe. Det hadde me mykje av. Ja, for fryseboksar fans ikkje, så me måtte stola på det som var på krukker og glas. Mest gjekk det i store Norges-glas, eittliters, toliters eller halvliter. Dei blei lagra i kjellaren.
Etter at fryseboksen kom, hadde me alltid jordbær og krem til dessert på julafta som blei feira på Innvær. Men kva hadde me før fryseboksen? Eg har endeleg komme på det: Me hadde naturlegvis hermetiske plommer og krem!
Etterat eg flytta heimanfrå var det ein del år som eg ikkje hadde nærkontakt med hausting av bær og frukt. Men så kom tida då eg måtte fylla eigne krukker og glas, ikkje minst etter at eg hadde funne ein særs syltetøyelskande mann. Men så var han også ivrig med å henta bær og frukt. Plassert midt i Telemark hadde me tilgang til skog og fjell der det var store mengder blåbær og tyttebær og litt molter. Og så kunne me dra til bestemor Hilda sin frukthage. Gule plommer og Viktoriaplommer, og så fans det eit kjempestort kirsebærtre. Kirsebær var noko nytt for meg, men dei kunne også hermetiserast. Så eg hermetiserte plommer og kirsebær, og når eg ikkje hadde fleire glas så fraus eg dei ned i mjølkekartongar fylt med sukkerlake. Ja, for no var fryseboksen på plass, og me kunne ha nydelege dessertar utover vinteren.
Då Inge var liten, likte han å smaka på dei lengste orda han kunne, og i ein periode gjekk han att og fram på golvet og sa Plommesaft, Plommesaft.
Trong me jordbær så gjekk til Treungen på sjølvplukk. Nok til vinterforsyning.

 Og då bestemor blei borte så hadde vår eigen frukthage vakse seg til med det me trong. .  Eple, plommer og kirsebær, samt solbær, rips og bringebær.
Mykje glede å kunna hausta av det som vaks like utanfor det nye huset vårt, men også ein del strev, så det hende gutane måtte hjelpa til PH og kameraten var ikkje gamle då dei, nokså motvillig blei sette til å plukka solbær. Men dei var gamle nok til å ha høyrt om Slavekoret, og når me runda hjørnet sat dei der og song: «Let my people go!» 


Tida kom då me forlet både hus og hage. Tilgang til skogsbæra i Telemark hadde me likevel, og dei ville me gjerne dela med vener. Enno treffer eg dei som snakkar om den store tyttebærbursdagen min på hytta. www.jorunnaasland.blogspot.com/2007/09/rikdom.html

Me prøvde tappert å få til ein ny hage i Asker, og etter det eit endå taprare forsøk på Hollund, men det ville seg ikkje. Jordsmonnet var ikkje godt nok. Sa mor for meir enn femti år sidan, så då er det vel kanskje slik. Me prøvde å planta plommetre, både ein og to gonger utan hell. Men ei bøtte eple kan det kanskje bli i år? Og litt bær frå  dei gamle bærbuskane. 


Men han som plukka frukt og bær med glede og som koste seg med syltetøy og saft og fruktgrøt, han sit ikkje lenger ved bordet mitt, og til meg blir det alltid nok. Likevel var det ei stor glede å bli invitert med på sjølvplukking av bringebær og no har eg altså fått plommer rett frå trea! Finna fram ein stor kjele og tomme syltetøyglas. Og så, mens OL-gulla ramlar inn . eta syltetøy med skei. Ein sann velsignelse!

mandag 29. juli 2024

Ein søndag i den sokalla ferien - eller sporadiske glimt frå livet

  Ofte brukar eg den gamle bloggen til støtte og hjelp for hukommelsen. Og når eg les - og hugsar - så gjenopplever eg, og har stor glede av ting som har skjedd før. Det minner meg også om at eg har opplevd mykje fint (og litt trist!) opp gjennom åra.
Mykje ligg bak, men opplever eg då ingenting lenger som det er verdt å hugsa? Eg trur det, sjølv om det ikkje er dei store utenlandsturane eller byggeprosjekta lenger. Faktisk trur eg at eg har opplevd så mykje i juni og juli i år at dersom eg skal kunna rekonstruera det for meg sjølv så må eg skriva det ned. Spesielt no som eg ikkje har ein make å hugsa det saman med. Eg må ta opp att vanen med å skriva litt på bloggen kvar søndag.

Kva har eg så opplevd og gjenopplevd denne stille søndagen i juli?

Eg hadde faktisk telefonen på vekkjing klokka åtte for å vera sikker på at Inge fekk seg frukost før han la i veg til Førde med Kariann og Peter, For litt sidan fekk eg melding om at dei var vel framme. Så då rakk dei å få sjå sandvolleyballkampen no kl. 21.00. Eg var ute og vinka dei avgarde før eg drog til Gausel på fellesgudseteneste. Mange kjende fjes frå Hinna,men også frå Gausel og Hillevåg Mange smil og prat under kyrkjekaffen. Fleire ville helsa til Knut, sjølv om dei visste det var vanskeleg. Dei to damene eg sat mellom på kyrkjekaffen fortalde om utenlandsturar der mennene deira var blitt alvorleg sjuke. To skulle også på elvecruice på Donau der me også var for eindel år sidan. Eg fortalde om ein medreisande som venta på legehjelp ombord på båten då det kom to  arbeidskledde røyrleggjarar. Var det ikkje du som hadde problem med vatnet?
Vel heime sjekka eg bloggen og fant ut at det var i oktober 2008 me var på Donau.
https://jorunnaasland.blogspot.com/2008/11/ytterpunkt.html

 Innlegget fortel også at det var denne hausten me la ny terrasse! Dessutan fann eg lenke til bloggen Urstads delikatesser!

På Boganes blei det TV frå OL i turn og tennis.   Eg snakka om Paris dit eg hadde ein uforgløymeleg tur for snart seksti år sidan og dit eg forgjeves hadde prøvd å få han med. Så blei det litt om Nadia Comăneci , den vesle rumenske turnstjerna som vant den eine gullmedaljen etter den andre i den tid me fylgjde litt betre med. Og så blei det litt om Jan Ove Kjøndal som hadde sine år på Kvitsund og som no er TV-journalist i OL. Responsen på kjende navn er heller laber, men så må eg snakka for eigen del. Flott at PH tok sine med så han kunne på sjå når dei spelte kubb.

Tenkte eg skulle ta med kaffi og ei bok og gå ein tur til fjorden etter middag. Men så oppdaga eg at ein-eller-annan hadde fått til ein liten skjerma krok ute på verandaen! Takk til den som føler  seg ansvarleg. Kanskje ikkje så elegant som Johanna si flettehuske, men ein god innsats. Altså kunne eg ta med meg boka eg er oppslukt i for tida ut dit. Snart er det natt av Bø-jenta Elin Eika Bringa, er ein utruleg god, men mørk debutroman.. Handlinga er lagt til innsida av Bø sjukeheim der den usympatiske  hovudpersonen Gonhild ventar på å fylla hundre år. Mykje trist og gjenkjenneleg her, men også frå Gonhild sitt tidlegare liv der ho jobbar på bibioteket i Bø og vil bli forfattar!

Som avveksling (?) til denne dystre forteljinga så går eg inn og ser nyheter om krigshandlingar på Golanhøydene. Der var me i 2006. Guiden fortalde og peikte i kva himmelretning me kunne sjå dei ulike landa og forklarte kvifor det var så viktig for Israel å ha makta her.

HELDIGVIS; Dei norske jentene vant håndballkampen i dag, og dei norske gutane vant sandvollballkampen sin!