 |
| På byen i Venezia |
Desse kjekke gutane er nok noko av det Knut sakna mest etter å ha forlate Austlandet. Wiggo (anar ikkje kvifor gruppa fekk dette navnet) blei til for at dei godt vaksne Kg-kollegane skulle ha nokon å leika med når dei blei gamle. Og det ser ut til at dei held saman framleis. Det ser kjekt ut! Først møttest dei på byen til pizza og drøs, men når det var større festar eller turar så fekk damene også vera med.
 |
| På Donau |
Desse "Oslo-folka" var utruleg lette å få kontakt med, og me var begge takknemlege for det fellesskapet me opplevde, ikkje minst på turane. Og då tenkjer eg ikkje på padleturane som visst var dramatiske nok, men dei fekk me damene berre høyra om Ei heller på dansekurset som de arrangerte, for det prøvde me å fortrengja så godt me kunne! Til India blei me ikkje med, dessverre. Men til Venezia og Roma og på elvecruice på Donau! Sykkeltur på Koster og rundtur i Telemark. Mange og gode minne. No har eg ikkje lenger nokon å mimra saman med, og det er trist. Men bilder er gode å ha!
 |
Vatnet stod høgt i Venezia
|
 |
| På Koster |
 |
| 01.10.24 |