torsdag 21. november 2024

Sløyfene og flokkane. Suppegjengen i Oslo, 1967-



Student 
Hausten 1967 stod Knut på det store Universitetet i Oslo og skulle vera student. Kanskje kjende han ein eller to frå gymnaset i Bø, men det var ikkje så lett å finna dei igjen i mengden. Godt då at det etter kvart blei ein og annan han kunne kjenna igjen frå andre samanhengar. Først var det Fjellhaug studenheim. Hit kom han frå kvar morgon, anten på sykkel eller med 20-bussen (eller var det 27?) frå Crl Berner. Det var det også mange andre som gjorde. Studentlaget blei den åndelege heimen,

og her fann han sin plass blant realistane. Ein kveld i veka var det øving med sangkoret Jubilo og omtrent kvar søndag fann me (eg var også der) vegen inn til Nordmarkskapellet på gudsteneste. Det tok si tid å komma dit med buss og bane og til fots, men vel framme var det drøs og varme vaflar etter messa. Så bar det attende samme vegen. Når me så steig av Holmenkollbanen på Majorstua var me støle, men også trøtte og svoltne,
Ofte la me difor lag bortover Kirkeveien til me fann Frelsesarmeen sin kafe Hungersnøden (kafeen heitte sikkert ikkje det!), Her var porsjonane rikelege og prisane overkommelege. Fellesskap oppstod undeveis, og eindel blei enige om å møtast til same tid og på same tid på studentkafeen Fredrikke for å eta lunsjen sin saman, og leggja eventuelle felles planar. Dette var starten til den såkalla Suppegjengen. 
Knut sa av og til at den beste tida hans i livet var studietida i Oslo. Ikkje minst pga Suppegjengen; ein sosial gjeng utan skarpe grenser for kven som var med og ikkje,  Kjernen var eit knippe farmasøytar og andre realistar med sosiale og organisatoriske talenter. Dei inviterte til felles bursdagar og turar. Enkelte fekk seg kjærast innad i gjengen, mens andre ynskte seg ein. Knut kjende Terje frå før og song med han i Jubilo. Der song også Randi og Tove, og Knut var  kapellvakt saman med Tove i Nordmarkskapellet. Alle desse budde  i likhet med meg på Fjellhaug, og dermes hende det at eg fekk bli med også, sjølv om eg ikkje song i Jubilo, og heller ikkje studerte realfag. Dei turane dei fleste hugsar  gjekk til Rotvasstølen i Valdres, med Torunn som eminent vertinne.


Knut var ekstra begeistra for haustturen der me fekk oppleva fjellet med sine fantastiske fargar. Og gode vennskap som skulle vara livet ut. Etter kvart blei folk ferdige med utdanninga si. Eva og Marit fekk jobb på eit apotek i Kragerø, og inviterte oss alle på besøk ei helg. Eksotisk og spennande! I 1973  hadde  Knut avlagt sin embetseksamen som det heitte i den tida og eg gjorde meg ferdig med mi utdanning. Me gifta oss, flytta til Kviteseid og fekk tre søner, og i 1984 flytta me inn i nytt hus.
  
Grillfest i Kleivstaulvegen
I juli 1987 inviterte me så heile Suppegjengen med familiar på besøk ei helg. Det gode med Kvitsund var at her var det alltid ei ledig seng eller fem midt på sommaren. Ein stralande happening der me fekk fornya fellesskap og vennskap! No sit det pensjonerte lektorar og farmasøytar og kva dei no vart til alle i hop rundt i landet. Enkelte blei buande i Oslo-området, og Hans fekk Knut tilogmed som kollega då han byrja på KG i 1997. 
No er alle opp i åra og helsa er vel sånn passe, Etterat me flytta til Stavanger blei vegen lengre for dei fleste, men kortare for andre. Tove var kanskje den yngste, men sjølv ho blei 74 her om dagen og ho bur berre nokre rundkjøringar unna, så då fekk eg  komma på bursdagskaffi! 



Det kom representantar til begravelsen også og krans med sløyfe. Med fjorten navn! Terje var der I tillegg kom Randi og Tove (og Arne)  med si eiga blomehelsing, Og Fred Lyder kom! Pensjonert prest, men også formann i studentlagsstyret som Knut var med i for over femti år sidan. Lenge tenkte eg at Knut var den første som døydde, men når eg ser på bileta frå ein av fjellturane i Valdres så ser eg Nils Ivar sitt smil som stråla omkapp med haustfargane. Kanskje den næraste av Knut sine studievener; dei studerte saman heilt fram til embetseksamen. Rett før jul i 1988 var hans tid på jorda omme, og på vår 15 års brudlaupsdag  måtte me dra til Åndalsnes i Nils Ivar sin begravelse. 
No var  det Knut som skulle fylgjast til sin siste kvilestad. Det gav lys og varme at så mange som har kjent han lange ville gå med det siste stykket, eller senda sine helsingar. Lys på ein mørk dag.  Me visste ikkje at det me fekk den gongen var venner for livet. Takk!

lørdag 16. november 2024

Sløyfene - og flokkane. Familie og slekt


Kva skulle dei så tena til, alle desse kransane og bukettane med sine sløyfer? Blomane blei lagde på gravplassen for å visna og døy, men sløyfene tok eg etter kvart heim og las omigjen. Enkle helsingar med En siste hilsen, Takk for alt eller Takk for vennskap og gode samtalar.
Men navna!  Kjende og kjære navn var flokkane som Knut (og oftast også eg) hadde vore ein del av opp gjennom livet. Dei gav oss så mykje glede både der og då, men også seinare når  me mimra attende. No har eg ingen å mimra med om alt dette, så no vil eg bruka bloggen til å få fram gamle flokkar og gamle minne. Ingenting vil gle meg meir enn om de vil bidra, de som les. 

Det raude hjartet kom frå oss som meiner at me stod Knut nærast, og som me likte å tenkja på som flokken vår. Sytten var me; no er me seksten. Barn og svigerbarn og barnebarn som me har hatt mykje glede av og med, og som eg likar å tenkja på no. Tenkja at eg ikkje er åleine igjen. Siste familiebilde blei teke på min bursdag for to år sidan.

Dei flokkane som i utgangspunktet berre var Knut sine, har etter femti år også blitt mine. Ikkje minst gjeld det hans slekt og familie. Knut hadde i utgangpunktet alle sine i Telemark (og Amerika) og det som var av søskenbarn hadde han i Drangedal. Hit, til Eie, var det dei reiste for å besøkja slekta, og hit fekk me komma på slektsstemne i 1987. Det var då bror Harald laga dette flotte familietreet der me kunne finna eigne navn, men også navna til dei andre som var samla. No er dei borte, så godt som alle som høyrde til vår generasjon. I tillegg til bror Nils lever berre dei fire søskenborna på Eie, og dei har .  Knut hadde god kontakt med gjennom alle år.

Telefonar og kort på slutten, og til gravferda kom blomehelsing. Dei som kom og som kjende igjen desse navna, var nok dei som sjølv hadde navna sine på dette slektstreet. 
Bror Nils er den eine av Aaslandsbrørne som lever. I tillegg hadde Knut sju som han var onkel til på den sida, og alle kom eller sende sine helsingar. Mange treff på Åsland med små og store gjennom store deler av oppveksten til gutane våre, men også juleselskap og konfirmasjonar i Vinje og Skien og på Nesodden. Dei seinare åra blei det ogå samlingr på Åsland for å feira sytti- og åttiårsdagar.


Slekta mi hadde også sine representantar på plass. Svograr og svigerinner var det her og søskenbarn og "onklungar".  Denne delen av slekta møter vi framleis på Bømlo om somrane, så langt det lar seg gjera. Mykje å ha felles minne om, minne som bind oss saman.
På Bømlo fins det også søskenbarn i vår generasjon, og dei hadde me eit fint treff med på Hollund for eit par år sidan. Dei sende også blomar og helsingar til gravferda, og fleire av dei var der også.





onsdag 6. november 2024

Om å beskikka eit bu, samt feira Allehelgen


 Buet skulle ikkje akkurat gjerast opp, etter som det første skjema eg skulle senda inn var meldinga om uskifta bu. Uhyre krevande i seg sjølv, men så var vel det verste over? Ikkje akkurat. Det kom ein straum av meldingar, epostar og brev i posten frå alle instansar der min kjære gemal kunne tenkjast å vera registrert. Alt skulle svarast på og alle skulle få dei rette opplysningane. Når så tingretten hadde fått alle dei opplysningane dei trong, kom det brev frå NAV og Statens Pensjonskasse. Dei fortalde både på og mellom  linjene på fire fem A4-sider kva eg no kom til å få å leva av, mens Sparebanken Sør gjorde klart kva som skjedde (eller ikkje skjedde) med dei pengane Knut hadde der. Frå Tingretten kom det skifteattest som skulle sendast til alle "interesserte" som sende nye brev om kva som no kom til å skje. Kanksje krov dei nye opplysingar og ikkje alt var like lett å forstå, så då gjaldt det å finna eit telefonnummer å slå. Eg måtte gå mange rundar ang. forsikring og bil. Utruleg hjelpsomme og forekommande folk traff eg både i Tryg og på Statens veivesen. 

I dag kom nye forsikringspapir, og eg fekk mitt første vognkort i livet, tilsendt i posten. Autosync var nokon som tok kontakt, men kven var no det? No har eg forstått det, og eg har fått ny bombrikke, så no kan eg passera bommar med rabattert pris. Om det lønner seg, veit eg ikkje akkurat I alle fall har eg no montert den ny brikka og skal kasta den gamle, men det blei ikkje tidsnok til å få ta brikka i bruk sist veke då eg reiste i gravferd til Reidun.

Enno er eg ikkje kommen til abonnement som skal vidareførast eller seiast opp. Fekk ein purring på ein rekning her om dagen med ein godt skjult trussel om kva som kom til å skje dersom ikkje Illustrert Vitenskap blei betalt straks. Det stod eit telefonnummer der. Eg ringde, snakka med ein hyggeleg svenske som beklaga og sletta både abonnement og purregebyr mens eg venta. Redelege folk å treffa her også!

Den norske kyrkja er også på banen med tilbod om seminar og sorggruppe, og om minnegudstenester i forb. med Allehelgensdag. Så no er eg blitt festar av ei grav og må etterkvart ta stilling til tilbod om gravstein. Det stod ikkje navn på grava då me kom der første gongen etter gravferda, men det er heldigvis retta opp.

Utrusta med lys og blomar blei det ei fin lita samling ved grava Allehelgensdag. Mange hadde vore på "sine" graver og tent lys før oss, så det var eit fint syn i tusmørket då me kom, men det var vanskeleg å få fram på bilde.
Me delte våre tankar om døden og om himmelen, og dei minste kom også med sine minne om ein frisk og levande farfar. Ein som las høgt, som viste korleis dei skulle bruka ein vedkløyvar, og som tok dei med seg når flagget skulle heisast på Bømlo. Heretter er det berre i minnene våre han lever.