lørdag 16. november 2024

Sløyfene - og flokkane. Familie og slekt


Kva skulle dei så tena til, alle desse kransane og bukettane med sine sløyfer? Blomane blei lagde på gravplassen for å visna og døy, men sløyfene tok eg etter kvart heim og las omigjen. Enkle helsingar med En siste hilsen, Takk for alt eller Takk for vennskap og gode samtalar.
Men navna!  Kjende og kjære navn var flokkane som Knut (og oftast også eg) hadde vore ein del av opp gjennom livet. Dei gav oss så mykje glede både der og då, men også seinare når  me mimra attende. No har eg ingen å mimra med om alt dette, så no vil eg bruka bloggen til å få fram gamle flokkar og gamle minne. Ingenting vil gle meg meir enn om de vil bidra, de som les. 

Det raude hjartet kom frå oss som meiner at me stod Knut nærast, og som me likte å tenkja på som flokken vår. Sytten var me; no er me seksten. Barn og svigerbarn og barnebarn som me har hatt mykje glede av og med, og som eg likar å tenkja på no. Tenkja at eg ikkje er åleine igjen. Siste familiebilde blei teke på min bursdag for to år sidan.

Dei flokkane som i utgangspunktet berre var Knut sine, har etter femti år også blitt mine. Ikkje minst gjeld det hans slekt og familie. Knut hadde i utgangpunktet alle sine i Telemark (og Amerika) og det som var av søskenbarn hadde han i Drangedal. Hit, til Eie, var det dei reiste for å besøkja slekta, og hit fekk me komma på slektsstemne i 1987. Det var då bror Harald laga dette flotte familietreet der me kunne finna eigne navn, men også navna til dei andre som var samla. No er dei borte, så godt som alle som høyrde til vår generasjon. I tillegg til bror Nils lever berre dei fire søskenborna på Eie, og dei har .  Knut hadde god kontakt med gjennom alle år.

Telefonar og kort på slutten, og til gravferda kom blomehelsing. Dei som kom og som kjende igjen desse navna, var nok dei som sjølv hadde navna sine på dette slektstreet. 
Bror Nils er den eine av Aaslandsbrørne som lever. I tillegg hadde Knut sju som han var onkel til på den sida, og alle kom eller sende sine helsingar. Mange treff på Åsland med små og store gjennom store deler av oppveksten til gutane våre, men også juleselskap og konfirmasjonar i Vinje og Skien og på Nesodden. Dei seinare åra blei det ogå samlingr på Åsland for å feira sytti- og åttiårsdagar.


Slekta mi hadde også sine representantar på plass. Svograr og svigerinner var det her og søskenbarn og "onklungar".  Denne delen av slekta møter vi framleis på Bømlo om somrane, så langt det lar seg gjera. Mykje å ha felles minne om, minne som bind oss saman.
På Bømlo fins det også søskenbarn i vår generasjon, og dei hadde me eit fint treff med på Hollund for eit par år sidan. Dei sende også blomar og helsingar til gravferda, og fleire av dei var der også.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar