Eg trudde eg visste kven eg var. Eg var Jorunn, og eg var to og eit halvt år. Og eg budde i det store kvite huset nedmed vatnet. Så klarte dei vel å finna ut resten sjølv om nokon lurte på det. Eg var den nest yngste av dei sju ungane der i huset. Inne i huset farta eg litt omkring, men eg budde fast i ei lita kvit uttrekks-seng. Den delte eg ikkje med nokon.
Men så kjem den første dagen eg hugsar. Eg går bak ein hest med ei kjerre med mange ting. Stolar og bord som berre er ein grå masse i hukommelsen, men øvst på lasset ei lita kvit seng. Mi seng. Eg får ikkje augo frå senga mi. Det har skjedd noko som eg ikkje trudde gjekk an. Aldri har senga, som er berre mi, stått andre stader enn på soverommet saman med ei større brun uttrekksseng og ei kjempestor mor-og-far-seng. Når eg var oppi den, då var eg absolutt heime. No står senga mi øvst på eit kjerrelass, og slepper eg den av syne så blir eg heimlaus. Hesten dreg kjerra sakte bort frå det kvite huset. På venstre hand passerer me smalahuset der smalen er, og på høgre sida er låven og fjosen. Der er kyrne, eller "kuena" som tante Jenny seier, og det er hennar kyr. Det ber forbi bestemorshuset og over storevegen der det kan komma bilar. Så er me inne på den nye kjerrevegen som går rett over jordene. Oppover og oppover til eit nytt hus. Berre ein ting er eg oppteken av, der eg går ved sida av lasset i blomstrete sommarkjole med halvsokkar og sandalar. Eg er berre to og eit halvt, og vegen synest lang og bratt, men det gjeld å ikkje tapa målet av syne: Fylgja senga mi, heile vegen. Eg strevar med å finna ut av det. Er eg ikkje lenger Jorunn i det store kvite huset, kven er eg då? Det er berre fire senger på flyttelasset. Sju står igjen. For om det var sju ungar så var det to morer og to farar. Så no er eg ikkje lenger den nest minste i huset. Eg er den minste av dei to ungane til mor og far. Dei fem andre blir igjen.
Så er vi framme, og mor og far viser veg til onklar og grannar som er med og lempar av lasset: Her skal den kvite senga til Jorunn stå, rett attmed den større brune som eg også kjenner frå før. Ting roar seg litt ned.
Men det er ikkje orden på denne dagen. Korkje folk eller ting er der dei skal vera. Dei vaksne har det travelt, og eg blir trøytt og svolten, så eg går heim. For heim, det er på lemen til tante Jenny. Der gjer eg mine undersøkjingar, og grinande kjem eg ned trappene igjen. Der blir eg fanga inn av tante som får høyra den sørgjelege sanninga: "Ikkje folk heima og ikkje mat i skuffo!" Då er det ikkje vits i å vera der.
Lukkeleg den som er liten og blir riven opp, men som kan gå åleine tilbake til utgangspunktet og sjølv finna ut at no bur eg ikkje der. Eg har ikkje ord på det enno, men forstår likevel at heime, det er der mor og far er til å passa på meg, der Systo er, der det er mat til meg i skuffa, og der dyna og senga mi er.
Neste dag er det jonsokafta, og då skjer det også noko som styrker den nye identiteten min. Me dreg ut. Når det nærmar seg vanleg sengetid, blir kledde i varme foldeskjørt, strikkejakkar og anorakkar. Varme sokkar og støvler og luve. Strømpebukser fanst ikkje, og ikkje kjeledressar og langbukser heller. Kaffikjele og flasker med saft står klar, og i ein av dei største julekakeboksane er det nistemat med egg. Det er jonsok, og flyttesjau eller ikkje, båltradisjonen må haldast ved like. Me har alt flytta lengre opp i haugane, og no skal me berre klatra vidare opp mot Høghaug der bålet står klart. Der oppe er det ekstra surt og kaldt, men me kan sjå alle andre bål i bygda.
Det er langt opp, men eg er minst og får sitja på skuldrene til far. Systo få hjelpa mor med nistekorga. Og der kjem dei, alle dei andre familiane også, strevande opp frå kvar sin kleiv, og me er plutseleg familien som kjem frå nyhuset. Vårt vesle familiefellesskap blir del av eit større fellesskap. Alle veit kven som "høyrer til" rundt bålet på Høghaug.Det er faste reglar for slikt, og det er enkelt definert utfrå kor ein bur. Det ville vera uhøyrt om det kom nokon frå ein grannegard og ville feira jonsok her hos oss. Dei får vera der dei høyrer heime. Og her me sit på toppen får me gjerne ei første innføring i lokalsamfunnet. Me ser så langt, og det er så mange bål å orientera seg ut ifrå. Over vatnet, borte ved kyrkja har du Svortlandsbålet, og litt lengre borte er Stavlandsbålet. Det ligg nede ved vatnet. Mens det som ligg på Joten, den høgaste toppen me ser imot, det er eit bål som Gåsland og Steinsbø og Habbastad har ilag. Framfor den høge toppen ligg skulen der dei store går, og endå litt nærmare ligg bedehuset der eg alt har fått vore med. Endå lengre til høgre ligg kaien der Bergensbåten legg til, og der nede er butikken og bakaren og meieriet og posten. Alt er langt borte, men i lyset av alle båla kan me orientera oss. Går me rundt bålet og ser andre vegen så kan me få auga på bålet på Rubbestad. Det er inn til mormor og bessen, og innanfor dei ligg den store fabrikken der min far og mange andre sine farar har arbeidet sitt.
Alt dette tenkjer og ser eg nok slett ikkje denne jonsokafta som eg er berre to og eit halvt, men litt sig inn kvart år.Det eg heilt sikker opplever denne kvelden er at når me har fått nok av bålrøyk og kald vind og nisteskiver med egg, og når ingen lenger vil hoppa i sekk, då lengtar me heilt tydeleg heim til oss. Til det nye huset der me har sengene våre. Det er der me høyrer heime, berre me fire. Me går frå det største fellesskapet ein toåring kan kjenna til, nemleg grannelaget, og til det minst; familien på fire. Men sjølv der var det noko som var berre mitt. Eg hadde mi eiga seng.
Seinare vart det nye fellesskap å bli kjende med. Fyrst søndagsskulen, seinare skulen og skulekretsen. Kommune, øya, distriktet, fylket og landet. Til og med ein liten flik av den store verda hugsar eg frå mine første barneår. Innerst inne på kleskottet stod eit par raude lakksko. Det var Spaniskono mine. Onkel Lars som var sjømann hadde hatt dei med frå Spania. Eg kan aldri hugsa anna enn at dei var for små. Kanskje var dei det alt frå starten. Derfor heldt dei seg blanke, og dei var flotte å visa fram når veninner kom på besøk. Antakeleg var det det einaste eksklusive eg hadde.