tirsdag 23. desember 2025

Julemiddag på Kvitsund anno 1980

Det snøar. Tungt. Vått. Lenge.

Det er siste torsdsgen før jul. Året er 1980 og klokka nærmar seg tre på ettermiddagen.
I Øvre Telemark er eit lite samfunn i ferd med å gjera seg klar til den årlege julemiddagen Det er elevar ved Kvitsund Gymnes, dei som jobbar der og familiane deira.

Skuleanlegget med gamle og nye bygg ligg samla rundt eit tun ved Sundkilen, ein tarm av Telemarkkanalen.Fint sommarstid, men i dag er det berre det store juletreet midt på tunet som lyser litt opp i det tette snødrevet. Små og store skikkelsar hastar fram og attende på veg mellom klasserom og internat, matsal og lærarbustader.

Elevane har prøveeksamen i dag. Bleike, grå og slitne har både dei og lærarane stilt opp på hustrige klasserom frå tidleg morgon. Etter ein halv time kjem dei ut, ein etter ein, meir eller mindre nøgde med innsatsen. Men alle, nesten alle, er glad for at dei snart skal heim til jul.

Julemiddagen skal vera klokka fem. I alle fall står det slik på invitasjonane vi har fått. Og nederst på lappen: NB! Hugs laken og glitter til engleprosesjonen, og lys til dei største barna!

Enno er det nokre timar igjen til klokka er fem, og mykje må gjerast klart, ikkje minst på det store internatkjøkkenet. Her har det vore stor aktivitet i fleire dagar alt. Å laga festmiddag til to hundre personar er ikkje ei sak for amatørar. Elevane måtte jo også få frukost og føremiddagsmat i dag, sjølv om det blei enkelt. Men no går husmor frå rom til rom for å sjekka at alt er i orden.. Festborda er dekka i matsalen. Trongt blir det, men slik må det vera til jul, for då vil alle vera med. På kjøkenet luktar det framleis ribbe som blei steikt i går, og som no berre skal varmast i steikovnen til middag. Ei umiskjenneleg lukt av surkål kjem frå grytene til Bjørg. Ho er spesialist på surkål og lagar med glede store porsjonar. Sausen er ferdiglaga og poteter og gulrøtter ferdig skrelte, klar til koking. Jo, her er alt i rute. Berre kjøkenjentene skramlar framleis med å finna fram fat og skåler og bestikk til serveringa. Husmor går vidare til kjølerommet og ser at jo, det står ei lang rekke med skåler klar med riskrem og mugger med raud saus. Og på hylla oppanfor står det ei lita skål med åtte skålda mandlar til riskremen og ditto marsipangrisar til dei heldige. 
Det ser enno ut til at julemiddagen skal bli som i fjor og i forfjor og året før der igjen. Det er enno to timar igjen der ting kan skje, men husmor veit ingenting om det der ho sit seg ned i pauserommet, det såkalla sakristiet, for å ta seg ein velfortent kaffirast. Fire adventslys er tende, og eit lite utval julebakst står på bordet. Men ute snøar det framleis tett. 
Elevane er tilbake på romma sine og i full gang med pakking og rydding. Avreisa skal skje rett etter frukost i morgon. Nokre med ekspressbussar over Haukeli eller til Sørlandet, mens dei fleste tar bussen til jernbanen i Bø og så tog vidare austover mot Asker og Oslo eller vestover mot Rogaland. Nokre skal vidare med fly til presteforeldre i Finnmark eller Trøndelag. Dei som skal rekkja fram til misjonærforeldre i Afrika eller Sør-Amerika har fått eitpar ekstra dagar fri og er alt reist. Litt må pakkast, men fintøy ligg klart til middagen, og varmt tøy til juletregangen ute etterpå. I kveld er det nemleg ikkje rosignal, og som tidlegare år er planen å gå rundt juletreet ute til langt på natt.
Men i år skal ikkje alt gå etter planen.

På den andre sida av hovudvegen kan ein sjå at det lyser frå tre små hus som ligg oppe i skråninga. Her er det åtte små og foreløbig tre store som er i ferd med å gjera seg klar, ikkje berre til middagen, men også engleopptoget som skal vera på festen etterpå. Eg bur i eit av desse husa, og no står eg ved vindauga og ser ut i snøveret saman med Agnar på seks og Inge på fire. Kjem ikkje pappa snart?
Pentøy til store og små er henta fram og lagt klart. Gutane fekk bunader til 17.mai og er veldig fornøgde med at dei skal få ha dei på seg i dag. Agnar har lenge vore klar for laken og lys og har øvd seg på å gå i prosesjon og syngja julesongar mens han ber lyset slik at den store lysmansjetten tar unna for varmen dersom det skulle dryppa. Inge er ein vimsekopp og har det nok best med å gå i pappa si store kvite skjorte og med ei stjerne i handa. Jo, gutane er klare, berre pappa kunne komma og tida kunne gå litt fortare. Men eg ser på snøen som legg seg på kraftledningane. Det minner meg om noko eg helst ikkje vil hugsa.

Endeleg. Der kjem tre pappaer strevande opp den bratte stien mot husa. Slitne og bleike så dei mest går i eitt med snødrevet, men er ikkje stega litt lettare? No er den julestria overstått, og berre julemiddagen ventar,

Me har nettopp bestemt oss for å ta bilen ned, endå så kort vegen er. Det er så dårleg engleføre

Men så skjer det vi ante, men ikkje ville vita. Det blinkar i lysa ein gong eller to. Så blir det mørkt. Heilt mørkt. Det måtte jo berre skje at straumen blei borte i eit slikt ver. Me prøver å gløyma den vinteren straumen var borte i tre døger og alle elevane måtte sendast heim. Som regel kjem straumen fort igjen. Det er ikkje så synd på oss. Me har oljekamin og lysestumpar i skuffa Og dersom det varer så finn me nok vegen til brødskuffa. Men rundt om i husa sit minst tjue små englar klare med laken og lys og stjerner. Dei ventar på at det skal bli lys igjen. 
Men det blir ikkje lys, og i alle internatromma er det berre elektrisk varme, så elevane blir kalde. Og husmor? Ho utset middagen med ein halv time om gongen. Så gir ho beskjed om at det skal fyrast opp i den store peisen i peisestova, så får elevane setja seg tett saman der. Men så var det maten. Ho må etterkvart innssjå at det ikkje blir julemiddag i kveld. Helst vil ho sleppa å opna døra til kjølerommet slik at varmen kjem inn dit i tilfelle straumstansen varer lenge, men til slutt blir det henta ut mjølk og ost og syltetøy og pølse. Ikkje akkurat slik ein hadde tenkt seg det, men elevane slepp i alle fall å svelta. Alle småenglane må krypa til sengs i mørke, og mødrene er i ferd med å bretta saman lakena då straumen plutseleg er der igjen. Lyset flommer, kjøleskap og fryseboks durar og radioen snakkar vidare. Og ikkje minst, vatnet renn igjen.
Men nede på kjøkenet ser husmor utover eit hav med julemat. Og i morgon tidleg reiser elevane heim til jul. Seint på kvelden ringjer det i alle interntelefonane rundt i heimane. Beskjeden er klar: Det blir julemiddag i morgon tidleg klokka halv ti! Det tar litt tid å innstilla seg på det, men halv ti neste morgon er alle pynta og klare. Bordverset syng me til tonane frå Her kommer dine arme små. Julefølelsen er der. Ribbe og surkål og riskrem med mandel. Maten sklir ned mens det lysnar mot dag. Stemninga er god og no er alt i sin rette skikk.
Festen blir liten, men englekor skal det bli. Fram frå bæreposane kjem utstyret som får dei små villbassane til å sjå ut som englar, og prosesjonen inn i festsalen er i gang: Fremst går dei minste med skjorter og stjerner, deretter dei større som kan tekstane og som med stor andakt held opp sine tende lys. Og til sist dei største som trur dei  med for å halda tonen og passa på dei små. Så stiller dei seg opp, ordnar rekkene og er klar. 
Men pianokrakken er tom! Kor er det blitt av pianisten? Jo, no kjem han med ein sprellande engel under kvar arm. Dei får plass i koret og så kan englesongen ta til. 

lørdag 2. august 2025

Den gamle - og so den nye tid

 Dei av oss som har levd ei stund, og som har gått i ein god skule der me lærte både Noregssoga og songar og salmar, me veit at dette ikkje er første, men andre linja i Per Sivle sitt dikt om Tord Foleson. Fyrste linja lyder slik: "Dei stod på Stiklestad fylka til strid.." og det skulle passa ekstra godt til mine olsoktankar. Og når eg ikkje kunne vera på Stiklestad så kunne eg vel ikkje vore ein betre plass enn i gamle Moster kyrkje på olsokmesse.
Rett utanfor ligg Olavssteinen der Olav den Heilage forkynte kristenretten for 1001 år sidan, og alt, både ute og inne ber bod om alt som har skjedd desse tusen åra. Inne har folk benka seg i hundrar av år, også mange av mine, og
ute er den store og gamle gravplassen der fleire generasjonar fann sin siste kvilestad. Tipptippoldemor Ellen Bergitha som eg er oppteken av i desse dagar var ikkje så gammal då ho døydde, men likevel hadde ho opplevd å sta ved grava til åtte - 8 - av sine elleve born. Året etter at Ellen Birgitha døydde, kom mor hennar, Berta Malene, frå Kopervik for å sjå om dei morlause barnebarna i Foldrøyhamn. Mens ho var der, ble ho sjuk og døydde, så også ho ligg gravlagd her på Moster. 
Eg er oppteken av alle århundra som har gått, både i kyrkja og i slekta når eg stig inn i det dunkle kyrkjerommet for å bli med på olsokmessa. Her slår det meg det fantastiske at kyrkja fyllest av levande menneske som eg hugsar frå ulike epokar av livet mitt. Mange er etterkommarar etter den første formora som kom hit for 200 år sidan. Her ser eg søskenbarn, samt tremenningar og firmenningar og anna slekt. Her er gamle klassekameratar og naboar, gamle og nye prestar og organistar. I ettertid blei det sagt at det var 80 sitjeplassar, men 142 frammøtte! Då er det nok medrekna ca 39 (!) nonner som kom syngjande inn.  
Og her er vi framme ved notida, eller i alle fall ved den tida som har gått etter at eg flytta frå Bømlo. Ein av dei første filmane eg såg var Sound of Music med Julie Andrews i hovudrolla som den syngjande nonna. Og no er dei her igjen; alle dei syngjande nonnene! Me fekk berre ein liten forsmak på musikalen som skal framførast i Moster Amfi om ei lita veke. Eg gler meg og tenkjer på andre Sound of Music-framføringar eg har fått opplevd. 
Rundt 1990 var heile familien Aasland på ferie i London og då fekk me med oss ei oppsetjing som var laga i eit av teatra der til ære for dronningmora (Elisabeth) på hennar bursdag. Me fekk ikkje komma på bursdagen akkurat, men nokså nær. Stas1

Tjue år seinare var me på veg til Oberammergau saman med ein flokk frå Asker menighet. Undervegs gjorde me ein stopp i Salzburg der me fekk sjå og gå opp mot "slottet" til familien von Knapp heldt til, og der mykje av handlinga foregår. Fekk med meg ein kjøleskapsmagnet derifrå, men den er tredimensjonal og ikkje så lett å få eit godt bilete av.  



Så kom meldinga på epost:

Til slutt må den ærast som ærast bør: Ein høgst levande fetter (eller var det kona? tok dei beste bileta , mens det var Per Sivle som i 1901 kom med diktet om Tor Foleson. Diktet sluttar slik:
 
"Og det er det stora
og det er det glupa
 at Merkjet det stend 
om mannen han stupa."




lørdag 19. april 2025

Langfredagsgjester


Eg fann nyleg eit gammalt notat der eg fortel om påskebesøket me hadde i Kleivstaulvegen i 1987.

"Ferierande gjester frå Sandnes skulle feira både femårsdag og 37-årsdag denne langfredagen, saman med det me kunne stabla på beina av morsslekt. Mens me venta på dei fem som skulle komma frå Rjukan etter lengre eller kortare skiturar, deltok me andre etter evne i middagsforberedelsane. Bessen tok dei minste med på ein tur langs veien og fann fullt opp av blåveis til middagsbordet, Nokre juniorar pussa sølvkrus så blåveisen skulle komma rektig til sin rett, mens andre illustrerte langfredagsbodskapen og hengde teikningane opp på ytterdøra så me skulle bli minna om at det var påske me feira. Tante Lise rakk akkurat å få sveiva opp ein solid porsjon Waldorfsalat etterat ho saman med gemalen hadde hatt ein heller strabasiøs skitur i Morgedal. Kalkunen steikte seg sjølv, og det gjorde også dei kyllingane me hadde gardert oss med, og som blei heilt nødvendige. Alle utfluktene hadde skjerpa apetitten skikkeleg.
Maten smaka, sola skein og alle var i godt lune, så då eit passeleg mannskap hadde meldt se til oppvaskteneste på kjøkkenet, seig me andre ut, ein etter ein, femten i talet, for å ta "middagsdøsen" i solveggen. 
Då var det at to eldre Oslo-damer med barnevogn spaserte forbi. "Folkehavet" som valt ut fekk dei to damene til å ta beinvegen heim til si slekt, til ho som hadde fått besøk av omtrent alle sine, dvs mor og mor si ugiftesøster. Dei var helst skrekkslagne. Så mykje folk i eitt hus! Det måtte vera noko særs som stod på. På mine seinare forsikringar om at det berre var ein alminneleg familiemiddag, trudde dei på det næraste ikkje på at det gjekk an å få til eit måltid for så mange i eit vanleg privathus. Det måtte vera frykteleg å få så mange gjester!
Og me som syns me hadde det så godt, slappa av med alle femten, og følte oss skikkeleg rike - på slekt!"

No hadde det seg slik at eg også langfredag i år fekk besøk av eit av bursdagsbarna. 37 år sidan sist, så no var han blitt akkurat dobbelt så gammal. Langfredagsbodskapen fekk me med oss i kvar vår kyrkje, og etter at eg hadde sett om grava til mannen min, og han hadde besøkt kona si på sjukehuset så blei det berre oss til til langfredags middag. Utfordringa var ikkje denne gongen å passa på at det blei nok mat, men heller lite nok.
Kor var det blitt av alle dei andre gjestene? Far var den eldste den gongen. Han var toogsytti i 1987. I tillegg var det småbrødre hans, tvillingane på sekstini, og kona til den eine tvillingen. Sjølv om dei høyrde til ei seig slekt så er dei alle borte no. Men dei små, dei som stilte opp med sølvpuss og blåveisplukking, samt langfredags-illustrasjon, kor er det blitt av dei?  Dei er reist på påskeferie med sine familiar. Enkelte har reist på hytta for å leita etter snø, men finn nok heller blåveis. Og dei har blitt maaange fleire! Hadde me hatt alle her så hadde me vore sånn omtrent 42. Godt å vita at slekta ikkje er døydd ut, men derimot er blitt tredobla!
Så då kan me sitja her, me to gamle, og  mimra attende til det som var, men samtidig sjå framover til dei store familiemiddagane som ventar om ikkje så lenge. Me har begge barnebarn som skal konfirmerast og som har invitert oss til stor feiring om mindre enn ein månad. Godt at livet går vidare!

fredag 11. april 2025

Sløyfene og flokkane. Siste fase. Knut i Stavanger


Vi visste det då vi «landa» i Stavanger, ville det til og med, at dette skulle bli den siste delen av livet vårt. Kanskje trudde og vona vi at denne fasen skulle bli lang og god. Vi blei åtvara om at det ikkje blei så lett å finna nye venner i vår alder. Men mykje gjekk bra. Me var heldige, og lukkelege, som fann vår plass i gode og levedyktige fellesskap. Mykje fekk me felles, men også noko kvar for  oss.
Kransar og sløyfer kom det ikkje frå desse gruppene, men blomar og helsingar, telefonar og forbøn og besøk. Samt kaker og nærvær då Knut skulle ut på si siste ferd. Mykje å takka for.

Me var ikkje kjende i det kyrkjelege landskapet i Stavanger då me kom hit, men fann ut at me skulle høyra til Hinna menighet, heilt på grensa til Hillevåg. Endå me i utgangspunktet ikkje kjende nokon her, så bestemte me oss for å gå til gudsteneste i Hinna kirke til nokon kjende oss igjen, og til me kjende igjen dei som gjekk der. Det gjekk fort! Me blei hjerteleg tatt imot, og fekk fort plass i ei husfelleskapsgruppe som møtest hos kvarandre og snakkar om søndagens tekst sånn omtrent ein gong i månaden. Me fekk også oppgåver. I den vanlege gudstenesta var me med som  kyrkjevertar. Knut var også med og dela ut nattverd; ei oppgåve han  sette  ekstra stor pris på. Ein god ting med gudstenestene i Hinna er at det er kyrkjekaffe kvar søndag. Der er det rom for å knyta nye kontaktar og å halda dei gamle ved like. Men nokon må stilla med kaffi og mat! Vår  husfellesskapsgruppe fekk i  fleire år tildelt søndagen nærast Luciadagen og då måtte ternene stilla med antrekk og  lussekattar. 

Eit anna oppdrag i menigheten som Knut stilte opp på med glede var då det trongst statistar til ein "forestilling" for seksårangar om Sakkeus som klatra opp i eit tre (i Sørmarka). Ikkje minst at ein av seksåringane var Emilie, den eldste av våre "lokale" barnebarn.




Det var lagleg å bu mellom Hinna og Hillevåg kirke. Me var på ein kveldssamling i Hillevåg og der song Hillevåg og Hinna menighetskor. Knut blei veldig begeistra og spurde dirigenten straks om me kunne få bli med i koret, og det kunne me, både han og eg. Her blei me verande og hadde det veldig bra i mange år. Knut var ekstra glad for at det var så mange gode manns-stemmer. På eit uryddig bilete frå ein korøvelse frå få år sidan ser me eit utval av mennene. Gråhåra, men sangglade! Dei siste åra har det desverre blitt så altfor få. Knut heldt ut så lenge han kunne. Koret var eit av dei siste halmstråa til noko som gav han glede. I gravferda kom koret og song. Dirigent Ranveig song også solo, heilt etter Knut sitt hjarte.

Rett etter korøving på eindel av tirsdagane, reiste dei fleste bassane til Hinnasenteret for å gå på Y's Men sine møte   Hinna Y's Men er berre for menn. I tillegg til møter med mat og fellesskap så var det snakk om turar og om dugnader. Juletresalg og trafikk-teljing. Blåtur om våren fekk også konene (såkalla menetter!) vera med på.

Dei me traff på mange av desse samlingane og som var omtrent på vår alder, dei var det også naturleg at me gjekk tur med. Mange hadde me også felles kjende med. Her er me med Åslaug og Oddvar på veg til Emmaus (!)I 2019 var alle fire i form. Me fekk mange fine turar før helsa blei for dårleg.


Røde Kors trong leksehjelparar både i fengselet og på biblioteket Dette knytta Knut tilbake til sitt gamle liv som fysikk- og mattelærar. Han likte faga sine og stortreivst som leksehjelpar så lenge han rådde med det.

Alle former for dugnad var han glad i, og då det viste seg at ein dugnadsgjeng samla seg for å driva med diverse vedlikehald på Himmel og Hav, misjonssenteret på Solastranda, så drog han gjerne av garde dit så lenge det varte. Reparasjonar og sjåføroppdrag for NMS Gjenbruk likte han også godt, i alle fall så lenge han slapp å stå bak disken. 
Få minuttars gange heimanfrå fann han også eit treningssenter der han etter kvart kjende seg heime og fekk god kontakt med den utanlandske sjefen der. 
På næraste apotek fekk han også venner. Han gløymde aldri korleis dei flokka seg om han og hjelpte han då han kollapsa der ein gong. 
Hjelpeapparat  og helsevesen møtte han med tillit og velvilje, og venner klarte han å få, til og med på sjukeheimen. 


lørdag 11. januar 2025

Sløyfene og flokkane; Wiggo på KG


På byen i Venezia

 Desse kjekke gutane er nok noko av det Knut sakna mest etter å ha forlate Austlandet. Wiggo (anar ikkje kvifor gruppa fekk dette navnet) blei til for at dei godt vaksne Kg-kollegane skulle ha nokon å leika med når dei blei gamle. Og det ser ut til at dei held saman framleis. Det ser kjekt ut! Først møttest dei på byen til pizza og drøs, men når det var større festar eller turar så fekk damene også vera med.

På Donau







Desse "Oslo-folka" var utruleg lette å få kontakt med, og me var begge takknemlege for det fellesskapet me opplevde, ikkje minst på turane. Og då tenkjer eg ikkje på padleturane som visst var dramatiske nok, men dei fekk me damene berre høyra om Ei heller på dansekurset som de arrangerte, for det prøvde me å fortrengja så  godt me kunne! Til India blei me ikkje med, dessverre. Men til Venezia og Roma og på elvecruice på Donau! Sykkeltur på Koster og rundtur i Telemark. Mange og gode minne. No har eg ikkje lenger nokon å mimra saman med, og det er trist. Men bilder er gode å ha!
Vatnet stod høgt i Venezia





På Koster



01.10.24

torsdag 2. januar 2025

Sløyfene og flokkane. Gamleklubben frå Bømlo


Dei siste åra har me blitt til "Gamleklubben" I utgangspunktet var me ein klubb med
ungdomsvenninner. Frå Bømlo var me heller ikkje. Me var frå Bremnes alle fem, men etter at me flytte heimanfrå blei kommunen heitande Bømlo. Dit flytte me alle heim igjen, i tur og orden, og så ut og kanskje heim igjen. 
I konfirmasjonsalderen var me altså fem jenter som møttest til klubb. Ei enkel bibelgruppe. Snart reiste me ut og skaffa oss utdanning og ektemenn og søner. Ikkje mindre enn fjorten (14!) søner og ingen døtre. Knut var den fjerde av mennene som kom inn frå sidelinja.
Den første "vaksensamlinga" eg meiner å hugsa var vår femårs bryllupsdag, feira i all enkelhet 4.juledag 1978 heime i stova til far på Bømlo. Me hadde to gutar som sov i etasjen over, mens dei andre hadde ei mormor å etterlata sine til. Berre Torunn hadde framleis ikkje funne sin Odd (?), men snart kom både han og sønene til henne også. Heile familiane møttest til piknikturar og hagefestar og  juleselskap  og det som måtte passa når me alle var heime på Bømlo. Slik blei Knut kjend med alle over mange år. Etter kvart som me kunne komma frå, ville jentene ut på tur, og ettersom me alle var avskorne frå å dra på jentetur med døtrene våre, så reiste me saman på 40, 50, 60, 70 og 75-års turar. Til Geilo, Oslo, Åsgrend, Bud, Tromsø og Voss. Mens mennene freista ein felles skjebne med å ta vare på alle gutane. Innimellom fekk dei vera med når me besøkte kvarandre. Og mens livet ramma oss med sjukdom og død og skilsmisser, så heldt me fram med å reisa og å møtast.
Afternoon tea på Dalen hotell


I 2018 hadde me ein flott tur til Vest-Telemark med basis i hytta vår i Åsgrend, og Knut fekk vera guide og visa fram mykje av det han var stolt av og glad i; Telemarkskanalen og Skieeventyret, Eidsborg stavkyrkje og Dalen hotell, Møsvatn og Mogen turisthytte og til sist opp på Gaustatoppen. 

Ei kro i Tallin

Året etter var me sju som reiste med menighetane på Bømlo for å besøkja ein vennskapsmenighet i Estland. Spennande opplevelsar i ukjent landskap, der me også fekk tid til å vera saman. pleia vennskapet oss imellom.

Ellen var ikkje med på denne turen, men  ho budde nærast, og saman med Odd var ho  var av dei siste som såg om Knut. Knappe 14 dagar før han døydde kom ho og song velsignelsen for han, og det sette han stor pris på. 


Alle med navnet sitt på sløyfa kom i gravferda, og det var godt. Takk for at de var der for Knut og for meg.
Og framleis er me jentene (eller er det dei gamle konene?) såpass oppegåande at me kunne møtast til felles førjulslunsj på Stavanger konserthus no i desember. Og eg kan berre takka for at de fortsatt fins og at me håper å kunna finnast for kvarandre, også i åra framover