torsdag 2. januar 2025

Sløyfene og flokkane. Gamleklubben frå Bømlo


Dei siste åra har me blitt til "Gamleklubben" I utgangspunktet var me ein klubb med
ungdomsvenninner. Frå Bømlo var me heller ikkje. Me var frå Bremnes alle fem, men etter at me flytte heimanfrå blei kommunen heitande Bømlo. Dit flytte me alle heim igjen, i tur og orden, og så ut og kanskje heim igjen. 
I konfirmasjonsalderen var me altså fem jenter som møttest til klubb. Ei enkel bibelgruppe. Snart reiste me ut og skaffa oss utdanning og ektemenn og søner. Ikkje mindre enn fjorten (14!) søner og ingen døtre. Knut var den fjerde av mennene som kom inn frå sidelinja.
Den første "vaksensamlinga" eg meiner å hugsa var vår femårs bryllupsdag, feira i all enkelhet 4.juledag 1978 heime i stova til far på Bømlo. Me hadde to gutar som sov i etasjen over, mens dei andre hadde ei mormor å etterlata sine til. Berre Torunn hadde framleis ikkje funne sin Odd (?), men snart kom både han og sønene til henne også. Heile familiane møttest til piknikturar og hagefestar og  juleselskap  og det som måtte passa når me alle var heime på Bømlo. Slik blei Knut kjend med alle over mange år. Etter kvart som me kunne komma frå, ville jentene ut på tur, og ettersom me alle var avskorne frå å dra på jentetur med døtrene våre, så reiste me saman på 40, 50, 60, 70 og 75-års turar. Til Geilo, Oslo, Åsgrend, Bud, Tromsø og Voss. Mens mennene freista ein felles skjebne med å ta vare på alle gutane. Innimellom fekk dei vera med når me besøkte kvarandre. Og mens livet ramma oss med sjukdom og død og skilsmisser, så heldt me fram med å reisa og å møtast.
Afternoon tea på Dalen hotell


I 2018 hadde me ein flott tur til Vest-Telemark med basis i hytta vår i Åsgrend, og Knut fekk vera guide og visa fram mykje av det han var stolt av og glad i; Telemarkskanalen og Skieeventyret, Eidsborg stavkyrkje og Dalen hotell, Møsvatn og Mogen turisthytte og til sist opp på Gaustatoppen. 

Ei kro i Tallin

Året etter var me sju som reiste med menighetane på Bømlo for å besøkja ein vennskapsmenighet i Estland. Spennande opplevelsar i ukjent landskap, der me også fekk tid til å vera saman. pleia vennskapet oss imellom.

Ellen var ikkje med på denne turen, men  ho budde nærast, og saman med Odd var ho  var av dei siste som såg om Knut. Knappe 14 dagar før han døydde kom ho og song velsignelsen for han, og det sette han stor pris på. 


Alle med navnet sitt på sløyfa kom i gravferda, og det var godt. Takk for at de var der for Knut og for meg.
Og framleis er me jentene (eller er det dei gamle konene?) såpass oppegåande at me kunne møtast til felles førjulslunsj på Stavanger konserthus no i desember. Og eg kan berre takka for at de fortsatt fins og at me håper å kunna finnast for kvarandre, også i åra framover





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar