onsdag 11. desember 2024

Sløyfene og flokkane. Kviteseid og Kvitsund

 Så sit eg der med den sløyfa og den tida som representerer den lengste perioden av den tida me fekk saman, Knut og eg.Våren 1975 flytta vår vesle familie inn på Kvitsund. Her skulle familien veksa og bli større for så å bli mindre igjen, heilt til me berre var to som melde flytting frå Kviteseid igjen våren 1997. Då hadde me budd i denne bygda i tjueto år. Bygda og skulen som hadde prega oss, litt på vondt, men aller mest på godt. Eg såg ikkje så lyst på det den første gongen eg blei med Knut på "rekognosering". Eg syns me kjørte lenger og lenger ned i ei dump frå Brunkeberg. Kunne dette vera ein stad å bu? Knut forstod det ikkje. Her var det jo så fint. Og etterkvart blei eg veldig enig med han. 
Knut hadde eit livslangt forhold til Kvitsund. Alt då skulen blei opna for 70 år sidan var han der på opningsfesten saman med sine foreldre som var glade for at skulen såg dagens lys, Onklane og tantene hans var også trufaste støttespelarar, og kusinene i Drangedal var av dei første elevane som Kvitsund fekk. Ein av brørne gjekk der også, og i 1961 var det Knut sin tur. Eit av åra på veg mot realskuleeksamen fekk han bu på Brokefjell hotell som  fungerte som internat.  Han likte internatlivet, kunne godt leva med dei reglane som var der, og her var det han fekk stadfesta si kristne tru som varte livet ut. Gode venner fekk han frå heile Vest-Telemark, også frå Kviteseid. Dessse hende det han traff igjen når han seinare i livet vandra rundt i Kviteseidbyen.  Dei fine gamle husa stod der, framleis, og ikkje minst var det folk å kjenna igjen bak disken. På Torp Hansen sin bokhandel, Jakobsens bakeri og i banken. Kviteseidbyen blei fort ein plass der han følte seg heime. 
På Kvitsund blei me ynskt velkomne av Olav og Elisa. Dei var der då Knut var elev, då me kom dit i 1975 og dei er der framleis! Det er flott. Me budde først nedmed veien vegg i vegg med Ellen og Oddbjørn som kom samtidig med oss. Bjørg og Arnolf budde oppe i lia og var snare med å be oss på kaffe. Alt før arbeidsåret var i gang så hadde me blitt inviterte inn i små fellesskap. Astrid og Kjell budde i tunhuset, og Astrid kjende Knut frå gymnaset, og kanskje til og med frå barndommen i Bamble. 

Snart blei det me som kunne invitera dei som kom nye til Kvitsund. Hadle kom eit halvt år etter oss.  Han  var åleine dei første månadane og var glad for å få komma på ein enkel middag og ein god drøs ein gong imellom. Seinare kom familiane i tur og orden: Bergkåsa, Foldøy og Tveit og seinare Aamaas og Køhn og Nødland. Alle med barn i ein "passe" alder. Astrid og Jan Gunnar var elevar då me kom dit, men jammen gjekk det ikkje lenge (??) før dei var attende og flytta inn i ein lærarbustad. Åsa hadde også ein lang Kvitsund-historie, men for oss blei ho først og fremst den gode naboen etterat ho og jentene hadde flytta inn i nabohuset.

Ein utflytta kviteseiding antyda ein gong at det måtte vera einsamt og trist å bu isolert der ute på Kvitsund, utan kontakt med bygda og dei "innfødde".  Me forstod det ikkje. Me følte oss nyttige. I ei såpass lita bygd måtte alle stilla seg villige til å vera med i styrer og råd og på dugnader dersom me, og ikkje minst våre barn, skulle få vera med på det som gjekk føre seg. Og Knut stilte opp på dugnad i barnehage og skule. Han var med i sokneråd og styret i hornmusikken. Han var til og med oppmann på fotballen og nestformann i skulestyret.

Han fekk venner i dei fleste lag av kvitseidingar, men livlinja mellom Kvitsund og bygda var først og fremst lærarfamiliane som flytta ut frå Kvitsund  og blei med ungdomsskulen bort til bygda. Dei bygde seg hus i tur og orden, både Svela og Røise og Foldøy og Lindheim. Gode kontaktar!.  Liv og Jan Einar kjende Knut frå før, og Tora og Thorleiv også. Tar eg ikkje feil så hadde Gunhild sin oppvekst i same bygda som Knut budde i i fire år av sin første barndom, og dei hadde felles kjende, så kontakten blei fort gjenoppretta då ho kom til Kviteseid. Om søndagane hadde han i ein periode søndagsskule for ungane på Kvitsund. Han var også ein trufast kyrkjegjengar og då det skulle setjast opp nytt Misjonshus, sette han om trent livet til då han stilte på dugnad og datt ned av taket. Det gode med all frivillig aktivitet var at dette skaffa oss ei stor kontaktflate som var der også når me hadde flytta. Då var det etter kvart ikkje så mange igjen som me hadde kontakt med på Kvitsund, men me surra gjerne litt rundt i sentrum og traff ofte på gamle kjende som me kunne slå av ein prat med. Mange opna dørane sine for oss og stilte med kaffi og drøs. Hadde me blitt buande der så ser eg for meg at Knut ville blitt sitjande på benken saman med Hadle og prata med bygdefolk som for forbi. 
Slik skulle det ikkje bli, og då var lukka å få seg ei hytte som gav oss muligheten til å komma "heim" igjen. Den fekk me til slutt i Åsgrend, og då Knut fylte 65 inviterte han kviteseidvener og familie til kaffi og kaker på hyttetrammen. Det var andre også som skulle feirast, usikkert kor mange.  Så Kjell Arne (som Knut kjende frå Oslo-tida) gratulerte berre "dei det måtte angå", sjølv om han ikkje hadde fått det klart for seg akkurat kven det var 
Knut var glad for å vera på hytta, men ikkje minst for å treffa gamle kjende.
 Men det fans også andre treffpunkt. Mange hadde hatt si tid på Kvitsund og hadde flytta nærare slekt og familie. Men mykje knytte oss saman og me danna etterkvart ei slags seniorgruppe som kunne reisa land og strand og besøkja. kvarandre. I 2013 då me budde på Bømlo, fekk me fint besøk som var med å feira Knut sin 67-årsdag i Moster Amfi. Mostraspelet fekk dei også sjå. Men me var ikkje berre på Bømlo. Fleire gonger var me på Sørlandet hos Eriksen og Bergkåsa og me var i Oppdal hos Saltbones. Me fekk besøk då me budde i Asker, og ikkje minst kunne me treffast i Kviteseid. De blei absolutt ein av våre viktigaste flokkar, og eg har lyst å sei TUSEN TAKK for alt det gode de fekk bety i Knut sitt liv.


Dessverre er det framleis nokon som ikkje veit korleis Kviteseid skal skrivast!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar