Det er tidleg, tidleg og mørk
haust. Eg har nettopp fylt seks og eg søv tungt. Men så: ei hand mot skuldra mi
og far si stemme mot øyra mitt: Jorunn! Du må opp!Men er det ikkje natt? Det er
jo mørkt og systo søv jo?”
”Jo, klokka er berre halv seks,
og alle dei andre søv, men eg skal på arbeid, og skulle ikkje du vera med meg
til mormor i dag? ”
Jo! Eg er på føtene og lys vaken
med ein gong. Eg skal ut i natta med far! Ikkje storesøstera mi, for ho må på
skulen, og ikkje veslebroren min for han er for liten. Og mor må vera heime hos
dei. Berre eg skal få vera med.
”Gå ned på kjøkkenet”, seier
far. ”Der er det godt og varmt og litt mat. Mor har lagt fram kler til deg. Eg
går ut og startar bussen imens så det ikkje blir så kaldt.” Eg ser ut
kjøkenglaset, og der kan eg så vidt sjå at det ryk frå motoren på Blåbussen.
Onkel Kristen har nok alt starta opp, og rundt på øya står mange bussar klar
til innsats. Det er alle arbeidsbussane som skal ut no. Klokka sju er det start
på fabrikken, og då må alle ha stempla inn.
Eg får på meg foldeskjørtet og
den nye strikkejakken som mor har lagt fram og snart er eg ute i den store og
mørke bussen. Eg vil helst sitja rett bak far, i nærheten av motorkassa som brummar
koseleg og varmt. Heilt vest mot havet skal me og henta menn i kjeledressar og
kjøra dei til fabrikken. Berre menn, og så ei jente som heiter Tordis. Ho er gammal, sikkert tjue, men kanskje eg kan sitja ved sida av henne? Det trur far sikkert at eg kan. Arbeidsfolket står i små klynger der det er plass for bussen å
stoppa eller snu. Trøtte og med store nistebommer stig dei om bord og gryntar
eit knapt godmorgon. Fram med busskort og så finna seg plassen sin. Alt er likt
kvar morgon, men eg er ny! Og mange trøtte ansikt sprekk opp i eit smil: Neimen
er det den dama som er så tidleg oppe? Du skal til Innvær til mormor du vel?
Ja, eg skal det. Hjelpa mormor som er så mykje sjuk og som treng nokon til å gå
ærend for seg. Mormor bur nærmare fabrikken, og det har blitt lysare når me
stoppar i vegkanten. Der står bessen, også han i kjeledress og med nisteboks.
Eg rekk så vidt å helsa på han før neste buss kjem og plukkar han opp. Husk å
be mormor senda deg ut i rett tid så du kan bli med heim igjen, seier far. Så
er mi tid som far si utvalde over. Han kjører med dei andre mot fabrikken;
dette ukjende som me veit sluker nesten alle fedrene og mange av bestefedrene
om morgonen for så å senda dei ut igjen om kvelden. Kva dei gjer der veit me ikkje, men dei tener
pengar og blir så skitne at dei må ha kjeledress.
Kanskje derfor vil eg ikkje
begynna på fabrikken. Dessuten er det ikkje for jenter. Men broren min skal
heller ikkje dit. Me skal alle ut og få utdanning. Flytta heimafrå seksten år
gamle og aldri flytta heimatt. Min historie. Mange andre sin historie.
