tirsdag 23. desember 2025

Julemiddag på Kvitsund anno 1980

Det snøar. Tungt. Vått. Lenge.

Det er siste torsdsgen før jul. Året er 1980 og klokka nærmar seg tre på ettermiddagen.
I Øvre Telemark er eit lite samfunn i ferd med å gjera seg klar til den årlege julemiddagen Det er elevar ved Kvitsund Gymnes, dei som jobbar der og familiane deira.

Skuleanlegget med gamle og nye bygg ligg samla rundt eit tun ved Sundkilen, ein tarm av Telemarkkanalen.Fint sommarstid, men i dag er det berre det store juletreet midt på tunet som lyser litt opp i det tette snødrevet. Små og store skikkelsar hastar fram og attende på veg mellom klasserom og internat, matsal og lærarbustader.

Elevane har prøveeksamen i dag. Bleike, grå og slitne har både dei og lærarane stilt opp på hustrige klasserom frå tidleg morgon. Etter ein halv time kjem dei ut, ein etter ein, meir eller mindre nøgde med innsatsen. Men alle, nesten alle, er glad for at dei snart skal heim til jul.

Julemiddagen skal vera klokka fem. I alle fall står det slik på invitasjonane vi har fått. Og nederst på lappen: NB! Hugs laken og glitter til engleprosesjonen, og lys til dei største barna!

Enno er det nokre timar igjen til klokka er fem, og mykje må gjerast klart, ikkje minst på det store internatkjøkkenet. Her har det vore stor aktivitet i fleire dagar alt. Å laga festmiddag til to hundre personar er ikkje ei sak for amatørar. Elevane måtte jo også få frukost og føremiddagsmat i dag, sjølv om det blei enkelt. Men no går husmor frå rom til rom for å sjekka at alt er i orden.. Festborda er dekka i matsalen. Trongt blir det, men slik må det vera til jul, for då vil alle vera med. På kjøkenet luktar det framleis ribbe som blei steikt i går, og som no berre skal varmast i steikovnen til middag. Ei umiskjenneleg lukt av surkål kjem frå grytene til Bjørg. Ho er spesialist på surkål og lagar med glede store porsjonar. Sausen er ferdiglaga og poteter og gulrøtter ferdig skrelte, klar til koking. Jo, her er alt i rute. Berre kjøkenjentene skramlar framleis med å finna fram fat og skåler og bestikk til serveringa. Husmor går vidare til kjølerommet og ser at jo, det står ei lang rekke med skåler klar med riskrem og mugger med raud saus. Og på hylla oppanfor står det ei lita skål med åtte skålda mandlar til riskremen og ditto marsipangrisar til dei heldige. 
Det ser enno ut til at julemiddagen skal bli som i fjor og i forfjor og året før der igjen. Det er enno to timar igjen der ting kan skje, men husmor veit ingenting om det der ho sit seg ned i pauserommet, det såkalla sakristiet, for å ta seg ein velfortent kaffirast. Fire adventslys er tende, og eit lite utval julebakst står på bordet. Men ute snøar det framleis tett. 
Elevane er tilbake på romma sine og i full gang med pakking og rydding. Avreisa skal skje rett etter frukost i morgon. Nokre med ekspressbussar over Haukeli eller til Sørlandet, mens dei fleste tar bussen til jernbanen i Bø og så tog vidare austover mot Asker og Oslo eller vestover mot Rogaland. Nokre skal vidare med fly til presteforeldre i Finnmark eller Trøndelag. Dei som skal rekkja fram til misjonærforeldre i Afrika eller Sør-Amerika har fått eitpar ekstra dagar fri og er alt reist. Litt må pakkast, men fintøy ligg klart til middagen, og varmt tøy til juletregangen ute etterpå. I kveld er det nemleg ikkje rosignal, og som tidlegare år er planen å gå rundt juletreet ute til langt på natt.
Men i år skal ikkje alt gå etter planen.

På den andre sida av hovudvegen kan ein sjå at det lyser frå tre små hus som ligg oppe i skråninga. Her er det åtte små og foreløbig tre store som er i ferd med å gjera seg klar, ikkje berre til middagen, men også engleopptoget som skal vera på festen etterpå. Eg bur i eit av desse husa, og no står eg ved vindauga og ser ut i snøveret saman med Agnar på seks og Inge på fire. Kjem ikkje pappa snart?
Pentøy til store og små er henta fram og lagt klart. Gutane fekk bunader til 17.mai og er veldig fornøgde med at dei skal få ha dei på seg i dag. Agnar har lenge vore klar for laken og lys og har øvd seg på å gå i prosesjon og syngja julesongar mens han ber lyset slik at den store lysmansjetten tar unna for varmen dersom det skulle dryppa. Inge er ein vimsekopp og har det nok best med å gå i pappa si store kvite skjorte og med ei stjerne i handa. Jo, gutane er klare, berre pappa kunne komma og tida kunne gå litt fortare. Men eg ser på snøen som legg seg på kraftledningane. Det minner meg om noko eg helst ikkje vil hugsa.

Endeleg. Der kjem tre pappaer strevande opp den bratte stien mot husa. Slitne og bleike så dei mest går i eitt med snødrevet, men er ikkje stega litt lettare? No er den julestria overstått, og berre julemiddagen ventar,

Me har nettopp bestemt oss for å ta bilen ned, endå så kort vegen er. Det er så dårleg engleføre

Men så skjer det vi ante, men ikkje ville vita. Det blinkar i lysa ein gong eller to. Så blir det mørkt. Heilt mørkt. Det måtte jo berre skje at straumen blei borte i eit slikt ver. Me prøver å gløyma den vinteren straumen var borte i tre døger og alle elevane måtte sendast heim. Som regel kjem straumen fort igjen. Det er ikkje så synd på oss. Me har oljekamin og lysestumpar i skuffa Og dersom det varer så finn me nok vegen til brødskuffa. Men rundt om i husa sit minst tjue små englar klare med laken og lys og stjerner. Dei ventar på at det skal bli lys igjen. 
Men det blir ikkje lys, og i alle internatromma er det berre elektrisk varme, så elevane blir kalde. Og husmor? Ho utset middagen med ein halv time om gongen. Så gir ho beskjed om at det skal fyrast opp i den store peisen i peisestova, så får elevane setja seg tett saman der. Men så var det maten. Ho må etterkvart innssjå at det ikkje blir julemiddag i kveld. Helst vil ho sleppa å opna døra til kjølerommet slik at varmen kjem inn dit i tilfelle straumstansen varer lenge, men til slutt blir det henta ut mjølk og ost og syltetøy og pølse. Ikkje akkurat slik ein hadde tenkt seg det, men elevane slepp i alle fall å svelta. Alle småenglane må krypa til sengs i mørke, og mødrene er i ferd med å bretta saman lakena då straumen plutseleg er der igjen. Lyset flommer, kjøleskap og fryseboks durar og radioen snakkar vidare. Og ikkje minst, vatnet renn igjen.
Men nede på kjøkenet ser husmor utover eit hav med julemat. Og i morgon tidleg reiser elevane heim til jul. Seint på kvelden ringjer det i alle interntelefonane rundt i heimane. Beskjeden er klar: Det blir julemiddag i morgon tidleg klokka halv ti! Det tar litt tid å innstilla seg på det, men halv ti neste morgon er alle pynta og klare. Bordverset syng me til tonane frå Her kommer dine arme små. Julefølelsen er der. Ribbe og surkål og riskrem med mandel. Maten sklir ned mens det lysnar mot dag. Stemninga er god og no er alt i sin rette skikk.
Festen blir liten, men englekor skal det bli. Fram frå bæreposane kjem utstyret som får dei små villbassane til å sjå ut som englar, og prosesjonen inn i festsalen er i gang: Fremst går dei minste med skjorter og stjerner, deretter dei større som kan tekstane og som med stor andakt held opp sine tende lys. Og til sist dei største som trur dei  med for å halda tonen og passa på dei små. Så stiller dei seg opp, ordnar rekkene og er klar. 
Men pianokrakken er tom! Kor er det blitt av pianisten? Jo, no kjem han med ein sprellande engel under kvar arm. Dei får plass i koret og så kan englesongen ta til.