tirsdag 23. juni 2026
Jonsokleite
Ja, i dag er det jonsokafta eller St.Hans som det heiter på finare og meir moderne språk. Det ligg ikkje an til at det blir bålbrenning på meg i år. Slike merkedagar er alltid litt triste, men eg får trøysta meg med alle bål eg har sett oppgjennom tid. Først ein lang og god periode i barndommen der alle gardsungane drog saman kvist og kvast og gamle saker til bålplassen på Høghaug, rett oppanfor huset vårt heime. Det galdt å ha det største bålet, og det som blei sist tent, etterat me i fleire timar hadde sett bål som lyste opp i alle kantar av bygda. Vårt bål var ofte det siste og største og finaste. Syns me! Seinare blei det stort bål og kjekke samlingar på stranda på Kvitsund. Kjekt for store og små! I Asker blei Nersnes staden for jonsokfeiring. På det fine området ved sjøen traff me folk, gjerne kjende frå heile Oslo-området. Så til sist har det blitt nokre feiringar med bål og mat på Himmel og hav. Den aller siste gongen eg var der for å visa Emilie eit skikkeleg jonsokbål, så blei det ikkje tent! Ein enorm pålandsvind gjorde det uforsvarleg å tenna bålet. Men seinare på kvelden tende dei sitt på Vaulenstranda. Dei skal visst få opp eit bål i kveld også, så kanskje eg må ha meg ein tur og sjå etter.
Har det elles hendt noko bra i juni? Eller trist?
Det var tungt å sjå alt graset som hadde teke overhand då eg kom til Bømlo for ei veke sidan. Varme og regn hadde gitt gode vekstvilkår. Når eg aldri har slått med ljå før så syns eg det er litt seint å starta no. Alle maskinane som skulle vera til hjelp i tur og orden, dei streika. Plenklyppar(ar), vaskemaskin og fjernsyn. Dei første kom i gang igjen, men det blir verre med fjernsynet no til helga når alle kjem og skal sjå VM-kamp. Det var lyspunkt også; Randi kom og raka saman graset og klypte rododendronbuskane, og det hjelpte på . Det samme gjorde elggryta me fekk til lunsj hos Anne.
Og den flotte solnedgangen før eg reiste heim igjen. Eller heim? Det følest naturstridig å sei at vegen frå Bømlo til Stavanger er vegen heim.. Heim skulle vera der ein fekk mest fred i sjela, så jammen om eg veit.
Eg prøver å ta kontakt med gamle venner for å kunna ta ein liten tur mot aust og sør. Etter å ha snakka lystig med Bjørg i fleire dagar så kom det melding i dag om at mannen var død i natt. Uventa. Så då blir det ikkje tur med henne, med det første. Fleire andre har også skrantande menn. Det er vel tida og alderen. Så me får sjå.
Elles er juni månaden for bursdagar. Først skulle Knut hatt sin store åttiårsdag, men i staden blei det roser til grava. Den åttande var det Per Helge sin dag, og i går blei Emilie 16, og eg fekk vera med å feira. Tida går så altfor fort!
I morgon skal eg få meg ny fortann. Ein dyr og ubehageleg affære. Og så står den store Bømlo-helga for tur. Spennande å sjå korleis det skal gå med alle som vil sjå fotball, og med utearealet som har skrumpa inn. Gjester i alle senger ser det ut for at dei blir, og det er kjekt!
lørdag 30. mai 2026
Maidagar
Eit godt stykke ute i mai har det vore både 'ups and downs', lyse og mørke dagar.
Naturen er på sitt aller finaste., til og med på gravplassen.
I Stavanger er himmelen blå og knoppane sprett, mens eg gler meg over solnedgongane på Bømlo.
På veg dit fekk eg sjå mender av kusommar. Dei sakna eg så lenge eg budde austpå. No er det blåveisen som glimrar med sitt fråver.Tur til Melandsåta trudde eg ikkje eg skulle få bli med på meir, men jammso kom eg meg på toppen saman med store og små. Tur til Hydra og Jøssingfjord, samt Haaheim Gård. Kommunikasjon på korøvelse: I pausen: Vil Mikal verkeleg baka brød til koristane frå alle kora? Dult til høgre: "Nei! Solo her. Dult til venstre: "Gigg, ikkje karjol" På vel ut: "Har eg eigentleg eit sjøgrønt/blått antrekk til konserten?"
Kommunikasjon på Hidrabussen: "Er alle mann på plass?" Ja..Nei! Det er ei som er på do" "Do? Her i bussen? Eller på ferja? Eller på venterommet på kaien?" "Ho er her no!" Javel, då kan me dra!" Anne Margrethe kom med historiar om oppvekst på Hidra, om foreldra og krigen, mens Johannes kom på banen då me på hans heimetraktar. Her fekk eg også endeleg komma under helleren med dei gamle husa i Jøssingfjord som me har kjørt forbi så mange gonger.
torsdag 30. april 2026
Blogg for sorger og gleder
Siste søndagskveld i månaden. Kanskje det
kan bli ein ny dag å takka på? Ein dag der eg kjem på alt godt eller rart som
eg har opplevd og som eg gjerne ville ha formidla om eg hadde nokon å komma
heim til? No er april snart omme, og det har vore ein månad fyllt med mykje bra (og litt
mindre bra), og eg har sant å sei vore oppsett på å dela gledene så godt eg
kunne. Men det blir aldri feil å dela gleder ein gong til. For 20 år sidan starta eg å skriva blogg. Eg syns ikkje livet var så enkelt då (heller!), så eg var på jakt etter gleder som eg kunne få fram i dagen og dela med andre. Kultur, natur og fellesskap gjoorde dagane gode den gongen, og det gjeld framleis
Utruleg nok skreiv eg 30.april 2006 at "på måndag var eg og såg Les Miserables og det var fantastisk1" Akkurat det samme kan eg skriva no: På måndag var eg og såg Les Miserables og det var fantastisk. Teateroppsetjinga på Rogaland teater som eg og Emilie fekk dela, er ein av dei siste gledene. Det var ikkje ein musikal, men eit sterkt og alvorleg drama.
Mange gleder gjentar seg frå vår til vår. Som den store buketten med kraftige påskeliljersom eg nyleg henta på Bømlo.
Men enkelte gleder er verkeleg nye og svært overraskande! Det gjeld ikkje minst den blå jakken eg har på meg her. På turen til Solgården hadde eg ein av dei første dagane meldt meg på ein tur til eit marked i ein av småbyane i nærheten. Likar å gå og sjå på folk og på det dei har å tilby. Dette var ikkje ein av dei varme dagane, så eg hadde teke på meg ein tynn langarma genser og ein tett sommarjakke, men det var ikkje nok! Vinden kom frå alle kantar, omtrent som i Stavanger. Midt i folkemengda prøvde eg å finna såpass ly at eg kunne få opp ein ekstra bluse frå sekken så eg kunne ha på meg den. Då dukka det plutseleg opp ei ferm dame som tok tak i meg: "Momento! Momento!" sa ho mens ho prøvde å hindra meg i å ta på blusen. Eg protesterte og sa eg fraus så at eg måtte ta på blusen. Til slutt klarte eg det, men då hadde ho funne fram ein liten pose som var ein av dei ho hadde i ein større pose, og opp av posen kom denne jakken: "Her, denne kan du ha"" Eg trur i alle fall at det var det ho sa, utan at eg veit korleis det høyrdest ut på spansk. Ho tredde jakken på meg o den passa perfekt. Farge og fasong kunne eg ha valt ut sjølv. Jakken virka både rein og rimeleeg ny. Ja, sa eg, den kan eg ha. Kor mykje skal du ha for den? Ingenting; kanskje ein klem? Og så var ho borte og eg var både varm og forvirra. Men glad. Eg har ikkje heilt slept tanken på denne dama. Kvifor gav ho meg jakken? Såg eg så forfrosen og fattig og deperat ut at ho syns ho måtte forbarma seg over meg og gi meg ein jakke? Og dertil ein som passa perfekt? Eg har laga meg ein teori som eg har slått meg til ro med. Ho hadde mange små posar med seg og eg meiner ho var akkurat ein størrelse større enn meg. Kanskje alt ho hadde i posane var ting ho hadde vakse ut av og ikkje kunne bruka lenger? Så no var ho på veg til loppemarked eller gjenbruksbutikk med det som var godt brukande? Eg får aldri vita det, men det er godt å ha laga seg ein teori!
torsdag 2. april 2026
Menneskemøte
Kjære medferierande på Solgården!
Sist eg var på Solgården var i påska 2022. Då var eg her saman med mannen min. No er han borte; han døydde for eit og eit halvt år sidan. Det er mykje som er trist med det å bli åleine, det trur eg det er mange som kan vera enig med meg i. Mange kan sikkert også vera enig med meg i noko av det som er tristast er at det ikkje lenger er nokon eg kan komma heim til og dela det eg har opplevd. Både vondt og godt. Oftast tenkjer ein at det er viktigast å ha nokon å dela det vonde med, men eg er ikkje alltid så sikker på det. Delt glede er dobbel glede heiter det, så ein taper ein heil del dersom ein ikkje har nokon å dela gledene med. Og minnene Kjekt å ha gode minner, men mykje kjekkare å ha nokon å dela dei med.
Dette tenkte eg på rett før eg skulle dra hit. Eg hadde opplevd møte med menneske som gjorde meg glad, men kven skulle eg dela gleda med når stova heime var tom? Her er det de kjem inn!
Fem
menn er det faktisk som har gjort inntrykk på meg den siste tida, men eg skal
begrensa meg til å fortelja om møtet med tre av dei.
Den
eldste må sikkert ha fylt nitti. Eg har sett han ein gong og ser han nok aldri
igjen. Eg trur han heitte Einar og han sat i ein rullestol. Plassert mellom alle
dei andre gamle på sjukeheimen. Dei skulle høyra på når koret vårt song, men
dei skulle også vera med å syngja frå dei grøne sangbøkene som var delt ut. Dei
fleste bladde litt ukonsentrerte og song ei strofe eller to dersom det var noko
kjent. Men denne mannen, denne skikkeleg gamle mannen, han song så eg kunne høyra det heilt opp i korrekka. Eg måtte sjå på han: Tynn og gammal, men
velstelt og med levande blikk, så då eg gjekk forbi på veg ut, slo eg han på
skuldera og sa: «Du song skikkeleg bra!» Han strålte opp og nikka: «Takk! Eg har
vore sanglærar i femti år»
Den kvelden me song på sjukeheimen snøa det i Stavanger og eg hadde bilen ståande utanfor. Lenge
sidan eg hadde opplevd at bilen var nedsnøa, men eg tenkte straks på kost og
skrape. Ein av mennene i koret hadde også ein nedsnøa bil, men han gjekk mot
meg: Har du kost? Ja, eg meiner eg har kost. Ja, men før eg visste ordet av det
så han han kosta av alt som var av snø på min bil.Heldigvis var snøen lett. Men eg måtte spørja: Skulle ikkje du eigentleg til Spania? Jo, no skal eg heim og pakka ferdig. I morgon kveld nyt eg solnedgongen
ved Middelhavet, men i kveld er eg her og kostar snø for deg! Eg kunne berre
sei takk og ynskja han god natt og god tur til Spania.
Når det kjem til mennene i mitt liv så fekk eg berre ein bror, men gifte meg med den yngste av fire brør. Etter kvart fekk desse også søner. Seks tilsaman, og tre av dei er mine. I ein parantes kan eg fortelja at eg reiser med ei barndomsveninne hit. Ein gjeng på fem jenter har fylgt kvarandre frå konfirmasjonsalderen av. Me har fått tilsaman fjorten barn, og alle er gutar! Mine tre har gitt meg ni barnebarn, og fem av dei er gutar.
Ein av desse traff eg rett før eg reiste hit. Han er ikkje yngst, men minst av
vekst. Mindre enn alderen skulle tilsei. Kanskje har han derfor ikkje blitt teken heilt på alvor om han hadde noko å sei. Sist veke blei han tenåring, og om han enno ikkje kan kallast ein mann, så trur eg han er på god vei til å bli det.
Eg var på kino med han og veslesøstera hans og deretter på MacDonalds. Han hadde heilt kontroll. Har forklart farmor korleis ho skal få bestilla mat og deretter betala. Kjapt hat han innhenta råd på telefon frå mora ang allergialternativ til søstera. Eg ser for meg den vesle kavaleren der der
han står på MacDonalds og balanserer eit stort brett med mat, mens han
dirigerer si vesle syster og si gamle farmor til å ta med med drikkebegera opp trappene for
å finna eit bord der me kan sitja. Så blir det tid for konversasjon.
Vi snakkar om Robin Hood som me nyleg har sett på teateret og me er enige om at Robin Hood var han som stal frå dei rike og gav til dei fattige. Eg fortel om ein vaksenroman eg nettopp har lese (Kristin Harmel. Det franske armbåndet) der hovudpersonen, ei dame på over nitti år er blitt fortalt at ho er ein direkte etterkommar etter Robin Hood og at det er hennar oppgave i livet å stela frå dei rike og gi til dei fattige. Ho veks opp i Frankrike under 2.verdenskrig, og opplever at jødane i nærområdet blir tekne til fange og alt jødisk gods blir konfiskert. Det blir hennar livskall, som ho overtar etter mora å stela dyre smykker og edelsteinar frå dei som tok frå jødane alt, for deretter å selja det og gi pengane anonymt til jødiske organisasjonar og institusjonar. Men så, mot slutten av livet ser det ut for at politiet er på sporet.
Har du høyrt om kva som hende med jødane under krigen? spør eg guten. Ja, det hadde han. På skulen hadde han sett NRK-serien Last: jøder om jødetransporten som gjekk på NRK . Kva syns du då? Skal vi gjera som Robin Hood og stela frå dei rike og gi til dei fattige, eller skal vi berre sei at det er galt å stele? Han nøler, for han svarar at Det er ikkje lett å vita kva som er rett herEg blei glad for at han forstod at enkelte spørsmål er det ikkje lett å gi eit enkelt ja eller nei-svar på.
Kva ville de ha svart? Kva er rett og kva er gale? Tenk på det fram til neste år. Møtest me her på Solgården då så kan me diskutera videre. Då har me felles minner frå 26-påska. Det kan bli fint!












