torsdag 30. april 2026

Blogg for sorger og gleder


Siste søndagskveld i månaden. Kanskje det kan bli ein ny dag å takka på? Ein dag der eg kjem på alt godt eller rart som eg har opplevd og som eg gjerne ville ha formidla om eg hadde nokon å komma heim til? 
No er april snart omme, og det har vore ein månad fyllt med mykje bra (og litt mindre bra), og eg har sant å sei vore oppsett på å dela gledene så godt eg kunne. Men det blir aldri feil å dela gleder ein gong til. For 20 år sidan starta eg å skriva blogg. Eg syns ikkje livet var så enkelt då (heller!), så eg var på jakt etter gleder som eg kunne få fram i dagen og dela med andre. Kultur, natur og fellesskap gjoorde dagane gode den gongen, og det gjeld framleis


Og noko gjentar seg.
Utruleg nok skreiv eg 30.april 2006 at "på måndag var eg og såg Les Miserables og det var fantastisk1" Akkurat det samme kan eg skriva no: På måndag var eg og såg Les Miserables og det var fantastisk. Teateroppsetjinga på Rogaland teater som eg og Emilie fekk dela, er ein av dei siste gledene. Det var ikkje ein musikal, men eit sterkt og alvorleg drama.  

Mange gleder gjentar seg frå vår til vår. Som den store buketten med kraftige påskeliljer
som eg nyleg henta på Bømlo. 

Men enkelte gleder er verkeleg nye og svært overraskande! Det gjeld ikkje minst den blå jakken eg har på meg her. På turen til Solgården hadde eg ein av dei første dagane meldt meg på ein tur til eit marked i ein av småbyane i nærheten. Likar å gå og sjå på folk og på det dei har å tilby. Dette var ikkje ein av dei varme dagane, så eg hadde teke på meg ein tynn langarma genser og ein tett sommarjakke, men det var ikkje nok! Vinden kom frå alle kantar, omtrent som i Stavanger. Midt i folkemengda prøvde eg å finna såpass ly at eg kunne få opp ein ekstra bluse frå sekken så eg kunne ha på meg  den. Då dukka det plutseleg opp ei ferm dame som tok tak i meg: "Momento! Momento!" sa ho mens ho prøvde å hindra meg i å ta på blusen. Eg protesterte og sa eg fraus så at eg måtte ta på blusen. Til slutt klarte eg det, men då hadde ho funne fram ein liten pose som var ein av dei ho hadde i ein større pose, og opp av posen kom denne jakken: "Her, denne kan du ha"" Eg trur i alle fall at det var det ho sa, utan at eg veit korleis det høyrdest ut på spansk. Ho tredde jakken på meg o den passa perfekt. Farge og fasong kunne eg ha valt ut sjølv. Jakken virka både rein og rimeleeg ny. Ja, sa eg, den kan eg ha. Kor mykje skal du ha for den? Ingenting; kanskje ein klem? Og så var ho borte og eg var både varm og forvirra. Men glad. Eg har ikkje heilt slept tanken på denne dama. Kvifor gav ho meg jakken? Såg eg så forfrosen og fattig og deperat ut at ho syns ho måtte forbarma seg over meg og gi meg ein jakke? Og dertil ein som passa perfekt? Eg har laga meg ein teori som eg har slått meg til ro med. Ho hadde mange små posar med seg og eg meiner ho var akkurat ein størrelse større enn meg. Kanskje alt ho hadde i posane var ting ho hadde vakse ut av og ikkje kunne bruka lenger? Så no var ho på veg til loppemarked eller gjenbruksbutikk med det som var godt brukande? Eg får aldri vita det, men det er godt å ha laga seg ein teori! 

Vel heime var det tid for loppemarked i Hinna kirke, og til trosss for surt og kanldt regnver samla det seg snart ein kø som ville vera klar når det opna. Eg hadde lova å ta min tørn bak disken. Det blei ikkje klær eg fekk som salgsoppdrag dette året, så eg veit ikkje om det var godt brukbake jakkar til salgs. Det var det nok, men eg måtte prøva å selja bøker. Det er kanskje ikkje så in lenger, men under kan skje også her. Ein yngre mann (ukjent for meg) kom og ville betala for to store hefta bøker. Det vaar Portugisisk for brasilianere. b1 og 2! Hadde eg sett dei på forhand så ville eg nok ha vedda på at dei ikkje kom til å bli selt. Men jammen fekk dei ein ny og lukkeleg eigar! Deretter kom det ein ung dame med eit syltynt hefte. Korleis slutte å røyke? På fransk! Ho trekte seg då ho ikkje fekk det til halv pris. Eg  angrar på at ho ikkje fekk det til den prisen!
Og no er april over om få timar. og eg har ikkje fått sagt nooko om alt eg har å takka for. Det får nok ikkje bli ein månad til neste takk! 
Eg må få med litt meir frå april: Det beste frå naturen må bli kveldsturen i flott vårver med Randi til Ullanhaugtårnet og i den botaniske hagen, Bjørk og andre vekstar spratt så mest kunne sjå det!
Fellesskap har det vore mykje av. Frå gjengen ved "Hinna"bordet på Solgården som på Sola helste kvarandre med "Neste år i Jerusalen"! til felleskapet rundt loppemarkedet. Koret er eit godt fellesskap og det var flott å samlast rundt han som fylte 75. Godt å få innvia den ye sovesofaaen min med overnattingsgjester fleire netter på rad. Hadde kaffigjester som kom for å nøta overnattigsgjestene, og alle fekk smaka reatar frå 75-årsdagen. 
Sist men ikkje minst barn og barnebarn som tok meg med på feiring av gode karakterar!
Måtte berre få nevna desse gledene så eg kan finna tilbake til dei når det røyner på.

   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar