Kjære medferierande på Solgården!
Sist eg var på Solgården var i påska 2022. Då var eg her saman med mannen min. No er han borte; han døydde for eit og eit halvt år sidan. Det er mykje som er trist med det å bli åleine, det trur eg det er mange som kan vera enig med meg i. Mange kan sikkert også vera enig med meg i noko av det som er tristast er at det ikkje lenger er nokon eg kan komma heim til og dela det eg har opplevd. Både vondt og godt. Oftast tenkjer ein at det er viktigast å ha nokon å dela det vonde med, men eg er ikkje alltid så sikker på det. Delt glede er dobbel glede heiter det, så ein taper ein heil del dersom ein ikkje har nokon å dela gledene med. Og minnene Kjekt å ha gode minner, men mykje kjekkare å ha nokon å dela dei med.
Dette tenkte eg på rett før eg skulle dra hit. Eg hadde opplevd møte med menneske som gjorde meg glad, men kven skulle eg dela gleda med når stova heime var tom? Her er det de kjem inn!
Fem
menn er det faktisk som har gjort inntrykk på meg den siste tida, men eg skal
begrensa meg til å fortelja om møtet med tre av dei.
Den
eldste må sikkert ha fylt nitti. Eg har sett han ein gong og ser han nok aldri
igjen. Eg trur han heitte Einar og han sat i ein rullestol. Plassert mellom alle
dei andre gamle på sjukeheimen. Dei skulle høyra på når koret vårt song, men
dei skulle også vera med å syngja frå dei grøne sangbøkene som var delt ut. Dei
fleste bladde litt ukonsentrerte og song ei strofe eller to dersom det var noko
kjent. Men denne mannen, denne skikkeleg gamle mannen, han song så eg kunne høyra det heilt opp i korrekka. Eg måtte sjå på han: Tynn og gammal, men
velstelt og med levande blikk, så då eg gjekk forbi på veg ut, slo eg han på
skuldera og sa: «Du song skikkeleg bra!» Han strålte opp og nikka: «Takk! Eg har
vore sanglærar i femti år»
Den kvelden me song på sjukeheimen snøa det i Stavanger og eg hadde bilen ståande utanfor. Lenge
sidan eg hadde opplevd at bilen var nedsnøa, men eg tenkte straks på kost og
skrape. Ein av mennene i koret hadde også ein nedsnøa bil, men han gjekk mot
meg: Har du kost? Ja, eg meiner eg har kost. Ja, men før eg visste ordet av det
så han han kosta av alt som var av snø på min bil.Heldigvis var snøen lett. Men eg måtte spørja: Skulle ikkje du eigentleg til Spania? Jo, no skal eg heim og pakka ferdig. I morgon kveld nyt eg solnedgongen
ved Middelhavet, men i kveld er eg her og kostar snø for deg! Eg kunne berre
sei takk og ynskja han god natt og god tur til Spania.
Når det kjem til mennene i mitt liv så fekk eg berre ein bror, men gifte meg med den yngste av fire brør. Etter kvart fekk desse også søner. Seks tilsaman, og tre av dei er mine. I ein parantes kan eg fortelja at eg reiser med ei barndomsveninne hit. Ein gjeng på fem jenter har fylgt kvarandre frå konfirmasjonsalderen av. Me har fått tilsaman fjorten barn, og alle er gutar! Mine tre har gitt meg ni barnebarn, og fem av dei er gutar.
Ein av desse traff eg rett før eg reiste hit. Han er ikkje yngst, men minst av
vekst. Mindre enn alderen skulle tilsei. Kanskje har han derfor ikkje blitt teken heilt på alvor om han hadde noko å sei. Sist veke blei han tenåring, og om han enno ikkje kan kallast ein mann, så trur eg han er på god vei til å bli det.
Eg var på kino med han og veslesøstera hans og deretter på MacDonalds. Han hadde heilt kontroll. Har forklart farmor korleis ho skal få bestilla mat og deretter betala. Kjapt hat han innhenta råd på telefon frå mora ang allergialternativ til søstera. Eg ser for meg den vesle kavaleren der der
han står på MacDonalds og balanserer eit stort brett med mat, mens han
dirigerer si vesle syster og si gamle farmor til å ta med med drikkebegera opp trappene for
å finna eit bord der me kan sitja. Så blir det tid for konversasjon.
Vi snakkar om Robin Hood som me nyleg har sett på teateret og me er enige om at Robin Hood var han som stal frå dei rike og gav til dei fattige. Eg fortel om ein vaksenroman eg nettopp har lese (Kristin Harmel. Det franske armbåndet) der hovudpersonen, ei dame på over nitti år er blitt fortalt at ho er ein direkte etterkommar etter Robin Hood og at det er hennar oppgave i livet å stela frå dei rike og gi til dei fattige. Ho veks opp i Frankrike under 2.verdenskrig, og opplever at jødane i nærområdet blir tekne til fange og alt jødisk gods blir konfiskert. Det blir hennar livskall, som ho overtar etter mora å stela dyre smykker og edelsteinar frå dei som tok frå jødane alt, for deretter å selja det og gi pengane anonymt til jødiske organisasjonar og institusjonar. Men så, mot slutten av livet ser det ut for at politiet er på sporet.
Har du høyrt om kva som hende med jødane under krigen? spør eg guten. Ja, det hadde han. På skulen hadde han sett NRK-serien Last: jøder om jødetransporten som gjekk på NRK . Kva syns du då? Skal vi gjera som Robin Hood og stela frå dei rike og gi til dei fattige, eller skal vi berre sei at det er galt å stele? Han nøler, for han svarar at Det er ikkje lett å vita kva som er rett herEg blei glad for at han forstod at enkelte spørsmål er det ikkje lett å gi eit enkelt ja eller nei-svar på.
Kva ville de ha svart? Kva er rett og kva er gale? Tenk på det fram til neste år. Møtest me her på Solgården då så kan me diskutera videre. Då har me felles minner frå 26-påska. Det kan bli fint!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar