Det hende seg ein gong for lenge sida - eg tenkjer det var utpå hausten i 2008 - at heile familien Aasland var både glade og fornøgde for det dei hadde fått her i livet. Ja så glade var dei at dei ikkje ynskte seg noko til seg sjølv til jul dette året, men gjerne til gode formål. Dei yngste i familien var rett nok berre glade av legning, mens dei eldste var kjempeglade for at alle elleve ville feira jul i Asker. Jul i Asker 2008 Dei midtimellom derimot syns nok at ei geit, eller kanskje ei kanne flybensin kunne passa? Det kunne vel komma til nytte ein stad ute i verda?Eit felles familieprosjekt, tenkte vi, og sette igong med å henta inn
opplysningar om sjukehuset i Okhaldhunga der Erik og Kristin Bøhler, venner av oss frå den tida vi budde i Bærum, nettopp hadde starta opp med å redda små liv. Okhaldhunga ligg i Nepal, langt oppe i Himalaya, og det vesle sjulehuset der skulle tena omtrent ein kvart million fattige innbyggjarar, men det var i fare for å måtta stengja fordi utdanna lækjarar ikkje ville bu så utanfor "folkeskikken". I 2004 kom Kristin og Erik dit som utsendingar for Normisjon. Erik er barnelege med doktorgrad i pediatri og Kristin barnepleiar og sosialarbeidar og mykje meir, og dei har no vore der i ti år. Les meir her
Alle pasientar under 12 kg får gratis behandling. Dvs mange små, og ikkje minst jenter som elles ikkje hadde blitt kosta sjukehus på. Det finst også eit pasientstøttefond der dei fattigaste kan søkja om støtte dersom dei ikkje har råd til å betala for seg. Det har vore stor pågang på det vesle sjukehuset som berre har 44 senger, så no er dei i gang med å byggja ut. Mange norske medisinerstudentar har hatt praksis der. Liv (sjå nedanfor) skreiv praksisoppgåva si til jormoreksamen her på sjukehuset.
Dette var det vi gjerne ville støtta, og som vi i alle år etter 2008 har sendt faste bidrag til, på vegne av oss og våre friske og reine og mette små. Men det er lenge sidan vi snakka med resten av familien om det, og ettersom det er grunn til å tru at vi no får besøk av 16 friske små, og ettersom Per Helge no er involvert i noko liknande via jobben sin (Det kan han snakka om!) og ettersom Liv, nabojente frå Kvitsund, som hadde deler av sin oppvekst i Nepal, no er på veg attende for å vera helsearbeidar der, så syns me de kunne få vera med å delta dersom de har lyst. Så denne gongen hjelper det altså ikkje med monopolpengar! De kan handla på ausjonen eller kjøpa lodd på "basaren". Den første har lite for dei små, men basargevinstane blir helst for dei under ti.