lørdag 19. april 2025

Langfredagsgjester


Eg fann nyleg eit gammalt notat der eg fortel om påskebesøket me hadde i Kleivstaulvegen i 1987.

"Ferierande gjester frå Sandnes skulle feira både femårsdag og 37-årsdag denne langfredagen, saman med det me kunne stabla på beina av morsslekt. Mens me venta på dei fem som skulle komma frå Rjukan etter lengre eller kortare skiturar, deltok me andre etter evne i middagsforberedelsane. Bessen tok dei minste med på ein tur langs veien og fann fullt opp av blåveis til middagsbordet, Nokre juniorar pussa sølvkrus så blåveisen skulle komma rektig til sin rett, mens andre illustrerte langfredagsbodskapen og hengde teikningane opp på ytterdøra så me skulle bli minna om at det var påske me feira. Tante Lise rakk akkurat å få sveiva opp ein solid porsjon Waldorfsalat etterat ho saman med gemalen hadde hatt ein heller strabasiøs skitur i Morgedal. Kalkunen steikte seg sjølv, og det gjorde også dei kyllingane me hadde gardert oss med, og som blei heilt nødvendige. Alle utfluktene hadde skjerpa apetitten skikkeleg.
Maten smaka, sola skein og alle var i godt lune, så då eit passeleg mannskap hadde meldt se til oppvaskteneste på kjøkkenet, seig me andre ut, ein etter ein, femten i talet, for å ta "middagsdøsen" i solveggen. 
Då var det at to eldre Oslo-damer med barnevogn spaserte forbi. "Folkehavet" som valt ut fekk dei to damene til å ta beinvegen heim til si slekt, til ho som hadde fått besøk av omtrent alle sine, dvs mor og mor si ugiftesøster. Dei var helst skrekkslagne. Så mykje folk i eitt hus! Det måtte vera noko særs som stod på. På mine seinare forsikringar om at det berre var ein alminneleg familiemiddag, trudde dei på det næraste ikkje på at det gjekk an å få til eit måltid for så mange i eit vanleg privathus. Det måtte vera frykteleg å få så mange gjester!
Og me som syns me hadde det så godt, slappa av med alle femten, og følte oss skikkeleg rike - på slekt!"

No hadde det seg slik at eg også langfredag i år fekk besøk av eit av bursdagsbarna. 37 år sidan sist, så no var han blitt akkurat dobbelt så gammal. Langfredagsbodskapen fekk me med oss i kvar vår kyrkje, og etter at eg hadde sett om grava til mannen min, og han hadde besøkt kona si på sjukehuset så blei det berre oss til til langfredags middag. Utfordringa var ikkje denne gongen å passa på at det blei nok mat, men heller lite nok.
Kor var det blitt av alle dei andre gjestene? Far var den eldste den gongen. Han var toogsytti i 1987. I tillegg var det småbrødre hans, tvillingane på sekstini, og kona til den eine tvillingen. Sjølv om dei høyrde til ei seig slekt så er dei alle borte no. Men dei små, dei som stilte opp med sølvpuss og blåveisplukking, samt langfredags-illustrasjon, kor er det blitt av dei?  Dei er reist på påskeferie med sine familiar. Enkelte har reist på hytta for å leita etter snø, men finn nok heller blåveis. Og dei har blitt maaange fleire! Hadde me hatt alle her så hadde me vore sånn omtrent 42. Godt å vita at slekta ikkje er døydd ut, men derimot er blitt tredobla!
Så då kan me sitja her, me to gamle, og  mimra attende til det som var, men samtidig sjå framover til dei store familiemiddagane som ventar om ikkje så lenge. Me har begge barnebarn som skal konfirmerast og som har invitert oss til stor feiring om mindre enn ein månad. Godt at livet går vidare!

fredag 11. april 2025

Sløyfene og flokkane. Siste fase. Knut i Stavanger


Vi visste det då vi «landa» i Stavanger, ville det til og med, at dette skulle bli den siste delen av livet vårt. Kanskje trudde og vona vi at denne fasen skulle bli lang og god. Vi blei åtvara om at det ikkje blei så lett å finna nye venner i vår alder. Men mykje gjekk bra. Me var heldige, og lukkelege, som fann vår plass i gode og levedyktige fellesskap. Mykje fekk me felles, men også noko kvar for  oss.
Kransar og sløyfer kom det ikkje frå desse gruppene, men blomar og helsingar, telefonar og forbøn og besøk. Samt kaker og nærvær då Knut skulle ut på si siste ferd. Mykje å takka for.

Me var ikkje kjende i det kyrkjelege landskapet i Stavanger då me kom hit, men fann ut at me skulle høyra til Hinna menighet, heilt på grensa til Hillevåg. Endå me i utgangspunktet ikkje kjende nokon her, så bestemte me oss for å gå til gudsteneste i Hinna kirke til nokon kjende oss igjen, og til me kjende igjen dei som gjekk der. Det gjekk fort! Me blei hjerteleg tatt imot, og fekk fort plass i ei husfelleskapsgruppe som møtest hos kvarandre og snakkar om søndagens tekst sånn omtrent ein gong i månaden. Me fekk også oppgåver. I den vanlege gudstenesta var me med som  kyrkjevertar. Knut var også med og dela ut nattverd; ei oppgåve han  sette  ekstra stor pris på. Ein god ting med gudstenestene i Hinna er at det er kyrkjekaffe kvar søndag. Der er det rom for å knyta nye kontaktar og å halda dei gamle ved like. Men nokon må stilla med kaffi og mat! Vår  husfellesskapsgruppe fekk i  fleire år tildelt søndagen nærast Luciadagen og då måtte ternene stilla med antrekk og  lussekattar. 

Eit anna oppdrag i menigheten som Knut stilte opp på med glede var då det trongst statistar til ein "forestilling" for seksårangar om Sakkeus som klatra opp i eit tre (i Sørmarka). Ikkje minst at ein av seksåringane var Emilie, den eldste av våre "lokale" barnebarn.




Det var lagleg å bu mellom Hinna og Hillevåg kirke. Me var på ein kveldssamling i Hillevåg og der song Hillevåg og Hinna menighetskor. Knut blei veldig begeistra og spurde dirigenten straks om me kunne få bli med i koret, og det kunne me, både han og eg. Her blei me verande og hadde det veldig bra i mange år. Knut var ekstra glad for at det var så mange gode manns-stemmer. På eit uryddig bilete frå ein korøvelse frå få år sidan ser me eit utval av mennene. Gråhåra, men sangglade! Dei siste åra har det desverre blitt så altfor få. Knut heldt ut så lenge han kunne. Koret var eit av dei siste halmstråa til noko som gav han glede. I gravferda kom koret og song. Dirigent Ranveig song også solo, heilt etter Knut sitt hjarte.

Rett etter korøving på eindel av tirsdagane, reiste dei fleste bassane til Hinnasenteret for å gå på Y's Men sine møte   Hinna Y's Men er berre for menn. I tillegg til møter med mat og fellesskap så var det snakk om turar og om dugnader. Juletresalg og trafikk-teljing. Blåtur om våren fekk også konene (såkalla menetter!) vera med på.

Dei me traff på mange av desse samlingane og som var omtrent på vår alder, dei var det også naturleg at me gjekk tur med. Mange hadde me også felles kjende med. Her er me med Åslaug og Oddvar på veg til Emmaus (!)I 2019 var alle fire i form. Me fekk mange fine turar før helsa blei for dårleg.


Røde Kors trong leksehjelparar både i fengselet og på biblioteket Dette knytta Knut tilbake til sitt gamle liv som fysikk- og mattelærar. Han likte faga sine og stortreivst som leksehjelpar så lenge han rådde med det.

Alle former for dugnad var han glad i, og då det viste seg at ein dugnadsgjeng samla seg for å driva med diverse vedlikehald på Himmel og Hav, misjonssenteret på Solastranda, så drog han gjerne av garde dit så lenge det varte. Reparasjonar og sjåføroppdrag for NMS Gjenbruk likte han også godt, i alle fall så lenge han slapp å stå bak disken. 
Få minuttars gange heimanfrå fann han også eit treningssenter der han etter kvart kjende seg heime og fekk god kontakt med den utanlandske sjefen der. 
På næraste apotek fekk han også venner. Han gløymde aldri korleis dei flokka seg om han og hjelpte han då han kollapsa der ein gong. 
Hjelpeapparat  og helsevesen møtte han med tillit og velvilje, og venner klarte han å få, til og med på sjukeheimen.