Vi visste det då vi «landa» i Stavanger, ville det til og med, at dette skulle bli den siste delen av livet vårt. Kanskje trudde og vona vi at denne fasen skulle bli lang og god. Vi blei åtvara om at det ikkje blei så lett å finna nye venner i vår alder. Men mykje gjekk bra. Me var heldige, og lukkelege, som fann vår plass i gode og levedyktige fellesskap. Mykje fekk me felles, men også noko kvar for oss.
Kransar og sløyfer kom det ikkje frå desse gruppene, men blomar og helsingar, telefonar og forbøn og besøk. Samt kaker og nærvær då Knut skulle ut på si siste ferd. Mykje å takka for.
Me var ikkje kjende i det kyrkjelege landskapet i Stavanger då me kom hit, men fann ut at me skulle høyra til Hinna menighet, heilt på grensa til Hillevåg. Endå me i utgangspunktet ikkje kjende nokon her, så bestemte me oss for å gå til gudsteneste i Hinna kirke til nokon kjende oss igjen, og til me kjende igjen dei som gjekk der. Det gjekk fort! Me blei hjerteleg tatt imot, og fekk fort plass i ei husfelleskapsgruppe som møtest hos kvarandre og snakkar om søndagens tekst sånn omtrent ein gong i månaden. Me fekk også oppgåver. I den vanlege gudstenesta var me med som kyrkjevertar. Knut var også med og dela ut nattverd; ei oppgåve han sette ekstra stor pris på. Ein god ting med gudstenestene i Hinna er at det er kyrkjekaffe kvar søndag. Der er det rom for å knyta nye kontaktar og å halda dei gamle ved like. Men nokon må stilla med kaffi og mat! Vår husfellesskapsgruppe fekk i fleire år tildelt søndagen nærast Luciadagen og då måtte ternene stilla med antrekk og lussekattar.
Eit anna oppdrag i menigheten som Knut stilte opp på med glede var då det trongst statistar til ein "forestilling" for seksårangar om Sakkeus som klatra opp i eit tre (i Sørmarka). Ikkje minst at ein av seksåringane var Emilie, den eldste av våre "lokale" barnebarn.Det var lagleg å bu mellom Hinna og Hillevåg kirke. Me var på ein kveldssamling i Hillevåg og der song Hillevåg og Hinna menighetskor. Knut blei veldig begeistra og spurde dirigenten straks om me kunne få bli med i koret, og det kunne me, både han og eg. Her blei me verande og hadde det veldig bra i mange år. Knut var ekstra glad for at det var så mange gode manns-stemmer. På eit uryddig bilete frå ein korøvelse frå få år sidan ser me eit utval av mennene. Gråhåra, men sangglade! Dei siste åra har det desverre blitt så altfor få. Knut heldt ut så lenge han kunne. Koret var eit av dei siste halmstråa til noko som gav han glede. I gravferda kom koret og song. Dirigent Ranveig song også solo, heilt etter Knut sitt hjarte.
Rett etter korøving på eindel av tirsdagane, reiste dei fleste bassane til Hinnasenteret for å gå på Y's Men sine møte Hinna Y's Men er berre for menn. I tillegg til møter med mat og fellesskap så var det snakk om turar og om dugnader. Juletresalg og trafikk-teljing. Blåtur om våren fekk også konene (såkalla menetter!) vera med på.Dei me traff på mange av desse samlingane og som var omtrent på vår alder, dei var det også naturleg at me gjekk tur med. Mange hadde me også felles kjende med. Her er me med Åslaug og Oddvar på veg til Emmaus (!)I 2019 var alle fire i form. Me fekk mange fine turar før helsa blei for dårleg.
Alle former for dugnad var han glad i, og då det viste seg at ein dugnadsgjeng samla seg for å driva med diverse vedlikehald på Himmel og Hav, misjonssenteret på Solastranda, så drog han gjerne av garde dit så lenge det varte. Reparasjonar og sjåføroppdrag for NMS Gjenbruk likte han også godt, i alle fall så lenge han slapp å stå bak disken.
Få minuttars gange heimanfrå fann han også eit treningssenter der han etter kvart kjende seg heime og fekk god kontakt med den utanlandske sjefen der.
På næraste apotek fekk han også venner. Han gløymde aldri korleis dei flokka seg om han og hjelpte han då han kollapsa der ein gong.
Hjelpeapparat og helsevesen møtte han med tillit og velvilje, og venner klarte han å få, til og med på sjukeheimen.
På næraste apotek fekk han også venner. Han gløymde aldri korleis dei flokka seg om han og hjelpte han då han kollapsa der ein gong.
Hjelpeapparat og helsevesen møtte han med tillit og velvilje, og venner klarte han å få, til og med på sjukeheimen.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar