søndag 22. september 2024

Håp som forsvant

 

Eg kasta alle dei gamle medisinene til Knut her om dagen. Og plutseleg gjorde det veldig vondt å sjå den store stappfulle bæreposen som skulle leverast til apoteket til destruering. No berre «farleg» søppel, men ein gong bar kvar enkelt medisinpakning og pilleglas med seg håpet om eit betre liv. Heile tida nye håp.  Han hadde god tru på legane som tok han på alvor, undersøkte og gav han nye reseptar og medisi
nar. Dei skulle hjelpa for det eine og mot det andre. Dei som jobba på apoteket hadde han også sans for, ikkje minst etter at han besvimte der og alle dei tilsette stilte opp for å hjelpa han. Neste gong han kom dit kom dei ut frå krikar og krær og ville vita korleis det gjekk med han. Jo, han følte seg heime på apoteket. Men til tros for alt dei kom med, så blei han ikkje så frisk som han, og eg, ynskte. Og no er det ikkje lenger vår oppgåve å finna dei rette pilleglasa og den rette dosen lenger.
Andre tar hånd om det, og gir han det han treng.

Bak alle medisinpakkane i skapet finn eg ein uopna hobbypakke for barn. Noko av det siste Knut sa mens han framleis tenkte framover, var at han tenkte han måttee satsa på barnebarna.  No har han glede av dei som kjem på besøk, men han hjelper dei aldri meir med byggjeprosjekt. Her eg sit, ser eg mot apoteket, men litt lengre bak vaiar eit stort norsk flagg. Her har Tirill sin første skuledag i tredje klasse i dag. Minst av "våre" er ho alt garva skulejente på veg mot eit godt liv. Antakeleg for stor til hobbypakken som farfar har spart på, så kven får den no?

Eg sat på ein benk ved fjorden her om dagen. Eg hadde både termos og bok, men på ein benk nær meg sat ein svart ung mann heilt stille og såg ut i lufta. Eg kunne ikkje la vera å lura på om han også kanskje hadde hatt håp som forsvant.

fredag 20. september 2024

Elleve gamle damer på ei hytte i skogen

Ja, for me er vel gamle når den yngste har fylt 73?

I desse dagar er det femti år sidan NLM starta opp Kvitsund Gymnas og jubileet skal feirast til neste helg. Neste sommar er det femti år sidan vår vesle familie kom med alt sitt pikk og pakk og flytta inn i eit av murhusa nedveg vegen. Vegg i vegg med Ellen og Oddbjørn og Hildegunn.

På bildet ser de vår vesle, lett bekymra familie slik me såg ut då me kom til Kvitsund
Meininga var å bli der og gjera ein innsats i nokre år, men å flytta igjen i god tid før Agnar begynte på skulen. Slik skulle det ikkje gå. I 23 år blei me buande der. Heile oppveksten til gutane våre. Mykje å takka for og mykje å minnast. 
Og mykje hadde me felles, me elleve som no møttest i hytta i Åsgrend; den hytta me skaffa oss til bruk når lengten attende blei for stor. Tre av damene blei eg kjent med då me kom til Kvitsund, og dei sju andre kom i tur og orden. Alle som småbarnsmødre den gongen. Treogtredve barn fekk me til saman. No er alle bestemødre, og dei fleste har flytta frå Kvitsund. Tre bur der framleis; no i eigne hus. 


Denne mandagskvelden i september måtte me ha litt ordna taletid for at ikkje alle elleve skulle snakka i munnen på kvarandre. Alle fekk tre minuttar(ca) til å fortelja om kvifor dei kom til Kvitsund og om den første tida der. Det var interessant! Mykje var felles. Dei fleste kom fordi ektemennene(!) fekk jobb der, og dei fleste mennene var "headhunta" eller "kalt" til tenesta som det heller heitte i desse kretsar. Det blei kravd mykje av dei som ofte hadde sin første jobb her. Undervisning var ein ting, men i tillegg kom husfarvakter og nattevakter. Dei skulle ha andakt i matsalen og leda møter og festar. Dei første åra måtte dei (eller konene) ettter tur gå brannvakt i Gamlebygget, fram til det blei installert nytt sprinkleranlegg som tok over. Heime sat koner og barn, og no i ettetid syns me at barna hadde ein strålande oppvekst på Kvitsund! Så mange venner, så mange opne dørar å gå inn om noko stod på. Stor fridom til å leika ute, sjølv om bilane kjørte fort på veien som gjekk gjennom området. Skummelt når våre som budde på oppsida av veien ville til pappaene sine som dei trudde berre sat på lærarrommet og åt nistematen sin(!) Med åra blei tilgangen til vatnet eit stort pluss. Søndagsskulen og barnelaget, 17.mai-frukost og felles jonsokbål. Hadde ungane det bra, så hadde mødrene det bra. Grannane var gode alternativ når me ikkje hadde besteforeldre tilgjengeleg. Det var også drøssvis av barnevakter å finna i elevflokken når me trong det. Og damene hadde sine samlingar med felles føremiddagskaffi der dei hadde barn i omtrent same alder, men også var me samla til misjonforeningsmøter og bønnesamlingar.
Etter kvart fekk dei fleste damene seg jobb "i bygda" og knytte nye kontaktar. Men bandet til Kvitsund var alltid der, og når me mimra attende så var det slett ikkje den verste plassen å vera småbarnsmor på.

Eg syns det var interessant å høyra alle treminuttane, men i ettertid angra eg litt på at eg ikkje hadde bedt om eit tredelt innlegg. Del to burde vore om korleis det hadde gått med alle våre trettitre barn, og del tre om korleis det har gått med oss? Kva fyller me liva våre med, og kva er viktig for oss i september 2024?
Knut har ein lang historie med Kvitsund og ville nok gjerne ha vore på jubileet. Alt då Kvitsund for sytti år sidan hadde sin fyrste fest for å feira at Misjonssambandet hadde kjøpt skulen, var han med sine foreldre dit. Overnatta gjorde dei på flatseng på loftet i Gamlebygget. Seinare kom han dit som realskuleelev før han blei tilsett som lærar i 1975.