Eg kasta alle dei gamle medisinene til Knut
her om dagen. Og plutseleg gjorde det veldig vondt å sjå den store stappfulle
bæreposen som skulle leverast til apoteket til destruering. No berre «farleg»
søppel, men ein gong bar kvar enkelt medisinpakning og pilleglas med seg håpet
om eit betre liv. Heile tida nye håp. Han
hadde god tru på legane som tok han på alvor, undersøkte og gav han nye
reseptar og medisi
nar. Dei skulle hjelpa for det eine og mot det
andre. Dei som jobba på apoteket hadde han også sans for, ikkje minst etter at
han besvimte der og alle dei tilsette stilte opp for å hjelpa han. Neste gong han kom
dit kom dei ut frå krikar og krær og ville vita korleis det gjekk med han. Jo,
han følte seg heime på apoteket. Men til tros for alt dei kom med, så blei han
ikkje så frisk som han, og eg, ynskte. Og no er det ikkje lenger vår oppgåve å
finna dei rette pilleglasa og den rette dosen lenger. Andre tar hånd om det, og gir han det han treng.
Bak alle medisinpakkane i skapet finn eg ein uopna hobbypakke for barn. Noko av det siste Knut sa mens han framleis tenkte framover, var at han tenkte han måttee satsa på barnebarna. No har han glede av dei som kjem på besøk, men han hjelper dei aldri meir med byggjeprosjekt. Her eg sit, ser eg mot apoteket, men litt lengre bak vaiar eit stort norsk flagg. Her har Tirill sin første skuledag i tredje klasse i dag. Minst av "våre" er ho alt garva skulejente på veg mot eit godt liv. Antakeleg for stor til hobbypakken som farfar har spart på, så kven får den no?
Eg sat på ein benk ved fjorden her om dagen. Eg hadde både termos og bok, men på ein benk nær meg sat ein svart ung mann heilt stille og såg ut i lufta. Eg kunne ikkje la vera å lura på om han også kanskje hadde hatt håp som forsvant.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar