fredag 20. september 2024

Elleve gamle damer på ei hytte i skogen

Ja, for me er vel gamle når den yngste har fylt 73?

I desse dagar er det femti år sidan NLM starta opp Kvitsund Gymnas og jubileet skal feirast til neste helg. Neste sommar er det femti år sidan vår vesle familie kom med alt sitt pikk og pakk og flytta inn i eit av murhusa nedveg vegen. Vegg i vegg med Ellen og Oddbjørn og Hildegunn.

På bildet ser de vår vesle, lett bekymra familie slik me såg ut då me kom til Kvitsund
Meininga var å bli der og gjera ein innsats i nokre år, men å flytta igjen i god tid før Agnar begynte på skulen. Slik skulle det ikkje gå. I 23 år blei me buande der. Heile oppveksten til gutane våre. Mykje å takka for og mykje å minnast. 
Og mykje hadde me felles, me elleve som no møttest i hytta i Åsgrend; den hytta me skaffa oss til bruk når lengten attende blei for stor. Tre av damene blei eg kjent med då me kom til Kvitsund, og dei sju andre kom i tur og orden. Alle som småbarnsmødre den gongen. Treogtredve barn fekk me til saman. No er alle bestemødre, og dei fleste har flytta frå Kvitsund. Tre bur der framleis; no i eigne hus. 


Denne mandagskvelden i september måtte me ha litt ordna taletid for at ikkje alle elleve skulle snakka i munnen på kvarandre. Alle fekk tre minuttar(ca) til å fortelja om kvifor dei kom til Kvitsund og om den første tida der. Det var interessant! Mykje var felles. Dei fleste kom fordi ektemennene(!) fekk jobb der, og dei fleste mennene var "headhunta" eller "kalt" til tenesta som det heller heitte i desse kretsar. Det blei kravd mykje av dei som ofte hadde sin første jobb her. Undervisning var ein ting, men i tillegg kom husfarvakter og nattevakter. Dei skulle ha andakt i matsalen og leda møter og festar. Dei første åra måtte dei (eller konene) ettter tur gå brannvakt i Gamlebygget, fram til det blei installert nytt sprinkleranlegg som tok over. Heime sat koner og barn, og no i ettetid syns me at barna hadde ein strålande oppvekst på Kvitsund! Så mange venner, så mange opne dørar å gå inn om noko stod på. Stor fridom til å leika ute, sjølv om bilane kjørte fort på veien som gjekk gjennom området. Skummelt når våre som budde på oppsida av veien ville til pappaene sine som dei trudde berre sat på lærarrommet og åt nistematen sin(!) Med åra blei tilgangen til vatnet eit stort pluss. Søndagsskulen og barnelaget, 17.mai-frukost og felles jonsokbål. Hadde ungane det bra, så hadde mødrene det bra. Grannane var gode alternativ når me ikkje hadde besteforeldre tilgjengeleg. Det var også drøssvis av barnevakter å finna i elevflokken når me trong det. Og damene hadde sine samlingar med felles føremiddagskaffi der dei hadde barn i omtrent same alder, men også var me samla til misjonforeningsmøter og bønnesamlingar.
Etter kvart fekk dei fleste damene seg jobb "i bygda" og knytte nye kontaktar. Men bandet til Kvitsund var alltid der, og når me mimra attende så var det slett ikkje den verste plassen å vera småbarnsmor på.

Eg syns det var interessant å høyra alle treminuttane, men i ettertid angra eg litt på at eg ikkje hadde bedt om eit tredelt innlegg. Del to burde vore om korleis det hadde gått med alle våre trettitre barn, og del tre om korleis det har gått med oss? Kva fyller me liva våre med, og kva er viktig for oss i september 2024?
Knut har ein lang historie med Kvitsund og ville nok gjerne ha vore på jubileet. Alt då Kvitsund for sytti år sidan hadde sin fyrste fest for å feira at Misjonssambandet hadde kjøpt skulen, var han med sine foreldre dit. Overnatta gjorde dei på flatseng på loftet i Gamlebygget. Seinare kom han dit som realskuleelev før han blei tilsett som lærar i 1975.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar