Ofte kan det vera småting som set i gang tankane på det som har endra seg opp gjennom generasjonane. I dag var det plommene. Eg sit her med ein overflod av plommer; meir enn eg visst kan rå med. Gode venner med store plommetre og rause og gavmilde hjarto gav meg lov å plukka det eg ville, og dermed blei det ein «velsignelse» som dei sa i gamle dagar.
Tankane går tilbake til mor. Til dei
plommene ho hausta, og til syltetøyet ho laga. Sylltetøy var ein viktig del
av pålegget me hadde på brødskivene. Då galdt det å vera ei god husmor som
sytte for at det var nok syltetøy, og at ikkje alt det beste var oppete før
påske. Mor var ei flink husmor, og ho formante oss om å smørja syltetøyet tynt på
skivene. Aldri eta syltetøy med skei! Ho var ikkje imponert over dei som heiv
seg over rabarbraen så snart den kom. Rabarbrasyltetøy trong mykje sukker, og
det var visst ikkje så sunt heller. Men rabarbragraut til dessert, gjerne kokt
med rosiner og kanel, det var godt! Og mens mor sylta solbær og stikkelsbær og
safta rips, gjerne saman med solbær (for at det skulle bli litt sunnare?), så
blei det gjerne lagt inn ein tur på sykkel mot Mækjebakkskogen på jakt etter
blåbær og til Fet etter tyttebær, og så venta ho heile tida på plommene. Når ho
syns det blei for lite av det andre, så tenkte ho på plommene som snart skulle bli
modne.
Etterat mor var borte snakka søstera om det: «Ho stolte alltid på plommene, mor
di» Ikkje at me hadde så mykje plommer heime i hagen. Der var det mest blåplommer
til å eta. Men inne på Innvær der ho hadde vakse opp, der stelte bessen alt med
kyndige og hageglade hender, og der vaks alt betre enn nokon annan stad me visste
om. Berre bessen hadde kvite rios og berre han hadde eit høgt pæretre. Han
hadde tidlegeple og mateple og, best av alt, han hadde mange plommetre! Gule
plommer, Opal, Viktoria og dei ekstra store og saftige som heitte Reine Claude.
Plommene blei modne litt etter litt, og mor kunne fylla bøtter med så mykje som
ho kunne rå med å sylta om gongen. Mormor hadde ikkje helse til å driva med
slikt, så det var lenge mor som kom tilbake med syltetøy. Etter plommehausten kunne mor stort sett sjå
vinteren trygt i møte. Ho hadde nok saft og syltetøy, og når ho trong noko
spesielt til gjester så kunne ho finna fram hermetiske plommer, samt litt rå ripssaft og gele. No til dags har eg funne ut at det går an å få kjøpt hermetiske plommer på butikken i Åkrafjorden . og sikkert mange andre stader. Eit lite glas annakvart år, kanskje? Det må eg spara på.
Hermetiske plommer kunne me ikkje ha til dessert kvar veke, men så fans det restar av syltetøy, iblanda med saft som kunne kokast opp og lagast til fruktgraut eller fruktsuppe. Det hadde me mykje av. Ja, for fryseboksar fans ikkje, så me måtte stola på det som var på krukker og glas. Mest gjekk det i store Norges-glas, eittliters, toliters eller halvliter. Dei blei lagra i kjellaren.
Etter at fryseboksen kom, hadde me alltid jordbær og krem til dessert på julafta som blei feira på Innvær. Men kva hadde me før fryseboksen? Eg har endeleg komme på det: Me hadde naturlegvis hermetiske plommer og krem!
Etterat eg flytta heimanfrå var det ein del år som eg ikkje hadde nærkontakt med hausting av bær og frukt. Men så kom tida då eg måtte fylla eigne krukker og glas, ikkje minst etter at eg hadde funne ein særs syltetøyelskande mann. Men så var han også ivrig med å henta bær og frukt. Plassert midt i Telemark hadde me tilgang til skog og fjell der det var store mengder blåbær og tyttebær og litt molter. Og så kunne me dra til bestemor Hilda sin frukthage. Gule plommer og Viktoriaplommer, og så fans det eit kjempestort kirsebærtre. Kirsebær var noko nytt for meg, men dei kunne også hermetiserast. Så eg hermetiserte plommer og kirsebær, og når eg ikkje hadde fleire glas så fraus eg dei ned i mjølkekartongar fylt med sukkerlake. Ja, for no var fryseboksen på plass, og me kunne ha nydelege dessertar utover vinteren.
Då Inge var liten, likte han å smaka på dei lengste orda han kunne, og i ein periode gjekk han att og fram på golvet og sa Plommesaft, Plommesaft.
Trong me jordbær så gjekk til Treungen på sjølvplukk. Nok til vinterforsyning.
Og då bestemor blei borte så hadde vår eigen frukthage vakse seg til med det me trong. . Eple, plommer og kirsebær, samt solbær, rips og bringebær. Mykje glede å kunna hausta av det som vaks like utanfor det nye huset vårt, men også ein del strev, så det hende gutane måtte hjelpa til PH og kameraten var ikkje gamle då dei, nokså motvillig blei sette til å plukka solbær. Men dei var gamle nok til å ha høyrt om Slavekoret, og når me runda hjørnet sat dei der og song: «Let my people go!»
Tida kom då me forlet både hus og hage. Tilgang til skogsbæra i Telemark hadde me likevel, og dei ville me gjerne dela med vener. Enno treffer eg dei som snakkar om den store tyttebærbursdagen min på hytta. www.jorunnaasland.blogspot.com/2007/09/rikdom.html
Me prøvde tappert å få til ein ny hage i Asker, og etter det eit endå taprare forsøk på Hollund, men det ville seg ikkje. Jordsmonnet var ikkje godt nok. Sa mor for meir enn femti år sidan, så då er det vel kanskje slik. Me prøvde å planta plommetre, både ein og to gonger utan hell. Men ei bøtte eple kan det kanskje bli i år? Og litt bær frå dei gamle bærbuskane.
Men han som plukka frukt og bær med glede og som koste seg med syltetøy og saft og fruktgrøt, han sit ikkje lenger ved bordet mitt, og til meg blir det alltid nok. Likevel var det ei stor glede å bli invitert med på sjølvplukking av bringebær og no har eg altså fått plommer rett frå trea! Finna fram ein stor kjele og tomme syltetøyglas. Og så, mens OL-gulla ramlar inn . eta syltetøy med skei. Ein sann velsignelse!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar