Ofte brukar eg den gamle bloggen til støtte og hjelp for hukommelsen. Og når eg les - og hugsar - så gjenopplever eg, og har stor glede av ting som har skjedd før. Det minner meg også om at eg har opplevd mykje fint (og litt trist!) opp gjennom åra.
Mykje ligg bak, men opplever eg då ingenting lenger som det er verdt å hugsa? Eg trur det, sjølv om det ikkje er dei store utenlandsturane eller byggeprosjekta lenger. Faktisk trur eg at eg har opplevd så mykje i juni og juli i år at dersom eg skal kunna rekonstruera det for meg sjølv så må eg skriva det ned. Spesielt no som eg ikkje har ein make å hugsa det saman med. Eg må ta opp att vanen med å skriva litt på bloggen kvar søndag.
Kva har eg så opplevd og gjenopplevd denne stille søndagen i juli?
Eg hadde faktisk telefonen på vekkjing klokka åtte for å vera sikker på at Inge fekk seg frukost før han la i veg til Førde med Kariann og Peter, For litt sidan fekk eg melding om at dei var vel framme. Så då rakk dei å få sjå sandvolleyballkampen no kl. 21.00. Eg var ute og vinka dei avgarde før eg drog til Gausel på fellesgudseteneste. Mange kjende fjes frå Hinna,men også frå Gausel og Hillevåg Mange smil og prat under kyrkjekaffen. Fleire ville helsa til Knut, sjølv om dei visste det var vanskeleg. Dei to damene eg sat mellom på kyrkjekaffen fortalde om utenlandsturar der mennene deira var blitt alvorleg sjuke. To skulle også på elvecruice på Donau der me også var for eindel år sidan. Eg fortalde om ein medreisande som venta på legehjelp ombord på båten då det kom to arbeidskledde røyrleggjarar. Var det ikkje du som hadde problem med vatnet?
Vel heime sjekka eg bloggen og fant ut at det var i oktober 2008 me var på Donau.
https://jorunnaasland.blogspot.com/2008/11/ytterpunkt.html
Innlegget fortel også at det var denne hausten me la ny terrasse! Dessutan fann eg lenke til bloggen Urstads delikatesser!
På Boganes blei det TV frå OL i turn og tennis. Eg snakka om Paris dit eg hadde ein uforgløymeleg tur for snart seksti år sidan og dit eg forgjeves hadde prøvd å få han med. Så blei det litt om Nadia Comăneci , den vesle rumenske turnstjerna som vant den eine gullmedaljen etter den andre i den tid me fylgjde litt betre med. Og så blei det litt om Jan Ove Kjøndal som hadde sine år på Kvitsund og som no er TV-journalist i OL. Responsen på kjende navn er heller laber, men så må eg snakka for eigen del. Flott at PH tok sine med så han kunne på sjå når dei spelte kubb.
Tenkte eg skulle ta med kaffi og ei bok og gå ein tur til fjorden etter middag. Men så oppdaga eg at ein-eller-annan hadde fått til ein liten skjerma krok ute på verandaen! Takk til den som føler seg ansvarleg. Kanskje ikkje så elegant som Johanna si flettehuske, men ein god innsats. Altså kunne eg ta med meg boka eg er oppslukt i for tida ut dit. Snart er det natt av Bø-jenta Elin Eika Bringa, er ein utruleg god, men mørk debutroman.. Handlinga er lagt til innsida av Bø sjukeheim der den usympatiske hovudpersonen Gonhild ventar på å fylla hundre år. Mykje trist og gjenkjenneleg her, men også frå Gonhild sitt tidlegare liv der ho jobbar på bibioteket i Bø og vil bli forfattar!Som avveksling (?) til denne dystre forteljinga så går eg inn og ser nyheter om krigshandlingar på Golanhøydene. Der var me i 2006. Guiden fortalde og peikte i kva himmelretning me kunne sjå dei ulike landa og forklarte kvifor det var så viktig for Israel å ha makta her.
HELDIGVIS; Dei norske jentene vant håndballkampen i dag, og dei norske gutane vant sandvollballkampen sin!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar