fredag 4. oktober 2024

Knut (1946-2024)

 

For eit år sidan var me samla på Sola Strandhotell for å feira gullbryllaup. Litt tidleg så Knut skulle vera i stand til å vera med. Endå han hadde fått ny blyant og viskelêr, fekk han ikkje til å skrive tale slik han gjorde for femti år sidan. Men den gongen snakka han om at han kom frå skogen i Bamble for å gifta seg med ei som hadde vakse opp på ei øy. Han samanlikna seg sjølv med barskogen som stod der trygg og traust og nokolunde lik i år etter år, mens eg meir var som eit lauvtre å rekna. Meir foranderleg gjennom året med blad som spratt og vaks og visna.  
Gjennom åra har dette bildet blitt meir og meir tydeleg på livet vårt saman. Når eg har stått i mine små og store stormar i livet, så har han vore der som den trygge og stødige og støttande. Ein verneskog har han vore, både for meg og for gutane våre når dei trong det.

Knut var trygg i si tru og trygg i sitt yrke. Han har vore glad for å få undervisa i fysikk og matematikk og fått gode tilbakemeldingar på sitt arbeid som lærar. På Kvitsund skulle han også ha andaktar ved frukosten i matsalen, og då var det viktig for han å ikkje komma som lærar som skulle setja karakterar. Som andaktshaldar var det viktig for han å presisera at alle var like verdige til Guds kjærleik, uavhengig av kunnskapar i matte og fysikk.

Han var nok litt betenkt på korleis han skulle takla elevar frå Oslo og Bærum då han kom som lærar til KG i Oslo. Han hadde trivs så godt med elevane på Kvitsund. Litt sjenerte landsens gutar og jenter  kjende han seg heime med. Korleis skulle det gå med han og byungdommen? Til sin overraskelse så likte han dei rektig godt. Dei var ikkje så sjenerte og dermed kom dei opp til kateteret og prata og spurde, og dei kunne også komma fram og skryta av han! Det var ein ny opplevelse.

Tilbake i Oslo og i Asker fekk han også treffa igjen gamle venner frå studietida.


Han tok sin del av arbeidet med hus og barn. Han likte å vera saman med gutane. Vera nær dei slik hans far hadde hatt lite krefter og tid til. Ekstra stas at det blei søner han fekk. Dei kunne han ta med i kjellaren og i arbeid med verktøy og med bil og  båt. Det var jo gutar han var vant med, sa han. Sjølv var han yngst av fire brødre. Han var stolt av sønene sine, alle tre, og han skrytte gjerne av dei når han hadde ein anledning. Seinare blei det også ni barnebarn å skryta av. Og tre svigerdøtre; ikkje minst blei han imponert over Kariann som viste seg å ha kjempekrefter då pianoet vårt skulle flyttast!

Han syns ofte det var godt å vera heime, men når det blei slik så hadde han stor glede av langturar til Amerika og til Madagaskar, og av lange kjøreturar ned gjennom Europa.Dag  etter dag bak rattet var greitt for han, dersom eg bestemte kor me skulle sova og eta.  Sertifikatet var noko av det som var vanskelegast å gi frå seg.

Kanskje var Kviteseid den staden der han kjende seg mest heime. Der budde han den lengste delen av sitt liv, og der hadde barna vakse opp. Det var fint med turar til hytta i Åsgrend så kunne me sjå om gamle vener i Kviteseid, men han syns også det var stort det året me var vertskap for mine barndomsveninner og mennene deira på Telemarkstur. Då fekk han verkeleg visa fram alt han var stolt av og glad i.

 

Han fant seg til rette der han var, og var ikkje så interessert i forandringar. Alle gutane hadde gjort vestlendingar av seg utan å spørja oss om lov, så ein dag foreslo eg at me kunne flytta til Stavanger. Då får eg aldri ein glad dag meir, sa han. Eg sa straks at då skulle eg aldri nemna det meir. Men alt neste dag kom han og sa at det var ein god ide å flytta til Stavanger. Då me fyrst var her såg han seg ikkje tilbake. Og så lenge han kunne bidra med noko, hadde han ei god pensjonist-tid.

Ikkje så lenge etter at me flytte hit så fylte han 70 år. På dagen hans fekk me låna stova til Per Helge og Elisabeth og dit inviterte me omtrent alle me kjende i Stavanger til kaffi og kaker. Det var ikkje så mange. Kaka med notane til Handels Messias, som me nettopp hadde begynt å øva inn i koret, gjorde stor lykke. Og så var det alle songane. Eg hadde prøvd å finna fram til songar som han hadde sunge i kor, eller som sa noko om livet hans . Han var ikkje ein mann med store ord, men då han kom heim den kvelden gjekk han fram og tilbake på golvet: "Eg er så lykkeleg! Eg er ein veldig heldig mann! Så fine ord og så fine gjester. Og alle dei gode songane!"


Mindre lukkeleg blei han ikkje då han fekk feira vidare saman med storebror Lars som fylte åtti. Stort  langbord var dekka på tunet på Åsland der han hadde sine første år, og der me hadde så mange fine samlingar om somrane i gutane sin oppvekst.

I Stavanger fekk me vera saman i mange samanhengar; som frivillige i kyrkja, i NMS-Gjenbruk, i husfellesskapsgruppa og ikkje minst i koret. Han ville nok hatt glede av å syngja med på konsertane med tekstar av Lina Sandell.
 Då han datt han ned av taket på Misjonshuset i Kviteseid der han gjorde dugnadsarbeid, kunne det ha stått om livet. Det gjekk rimeleg bra, men han måtte sendast med ambulanse til sykehuset i Skien, og det var brudd både her og der. På sykehuset kom det ei lita sanggruppe og song for han: Ingen er så trygg i fare. (Eller Tryggare kann ingen vara, som det heiter på svensk).Han syns det passa så godt, for det hadde jo gått bra. Me var ikkje heilt enige om den saka. I alle fall var han glad i Lina Sandell sine songar, Så det passar at det er hennar tekstar som blir sungne her.

Knut likte når han kunne bidra med noko som pensjonist. Han koste seg med dugnadsarbeid på Himmel og hav, i Y’s Men og ikkje minst som leksehjelp i Røde Kors på biblioteket og i fengselet. Her, i fengselet, trur eg han hadde si siste, men også ei av dei største opplevelsane som pedagog. Ei av dei innsette jentene ville prøva å ta opp igjen fag.  Ho var mørk. Svartkledd frå topp til tå og med eit mørkt ansiktsuttrykk.  Ho sa at matematikk trong ho ikkje prøva seg på. Det hadde ho aldri fått til. Men Knut meinte dei kunne prøva saman. Dei hadde god tid, og etter kvart var det som om noko losna. Han meinte ho kunne prøva seg på fleire oppgåver til neste gong. Då han møtte henne igjen så var det som om ansiktet hadde fått eit indre lys: Eg klarte oppgåvene! Eg kan få det til! Knut var takknemleg. Han hadde fått henne til å tru at ho ikkje var håplaus. Ho var noko verdt! Det var viktigare kunnskap enn sjølve matematikken.

For eigen del kom han lenger og lenger inn i eit mørke dei siste åra. Livet var vanskeleg å forstå, og han måtte slutta med ting etter ting av det han var glad i. Lengst heldt han fast i koret og songen og musikken For få år sidan var han med å syngja inn Visst skal våren komme med koret Veka før han døydde fann me opptaket på nettet og hadde glede av det. På nettet fann me også Gaithermusikk og Salmeboka minutt for minutt. Berre timar før livet tok slutt stod to små barnebarn ved sengekanten og song Navnet Jesus og Deg være ære

Mot slutten av livet var Gudstrua enkel, og han var mykje oppteken av himmelen.  Når han kom dit ville han gå rett fram til Jesus, ta han i handa og sei Tusen takk!
No trur eg han er kommen fram og at han ventar der på oss andre. Eg takkar for fylgjet så langt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar