onsdag 6. november 2024

Om å beskikka eit bu, samt feira Allehelgen


 Buet skulle ikkje akkurat gjerast opp, etter som det første skjema eg skulle senda inn var meldinga om uskifta bu. Uhyre krevande i seg sjølv, men så var vel det verste over? Ikkje akkurat. Det kom ein straum av meldingar, epostar og brev i posten frå alle instansar der min kjære gemal kunne tenkjast å vera registrert. Alt skulle svarast på og alle skulle få dei rette opplysningane. Når så tingretten hadde fått alle dei opplysningane dei trong, kom det brev frå NAV og Statens Pensjonskasse. Dei fortalde både på og mellom  linjene på fire fem A4-sider kva eg no kom til å få å leva av, mens Sparebanken Sør gjorde klart kva som skjedde (eller ikkje skjedde) med dei pengane Knut hadde der. Frå Tingretten kom det skifteattest som skulle sendast til alle "interesserte" som sende nye brev om kva som no kom til å skje. Kanksje krov dei nye opplysingar og ikkje alt var like lett å forstå, så då gjaldt det å finna eit telefonnummer å slå. Eg måtte gå mange rundar ang. forsikring og bil. Utruleg hjelpsomme og forekommande folk traff eg både i Tryg og på Statens veivesen. 

I dag kom nye forsikringspapir, og eg fekk mitt første vognkort i livet, tilsendt i posten. Autosync var nokon som tok kontakt, men kven var no det? No har eg forstått det, og eg har fått ny bombrikke, så no kan eg passera bommar med rabattert pris. Om det lønner seg, veit eg ikkje akkurat I alle fall har eg no montert den ny brikka og skal kasta den gamle, men det blei ikkje tidsnok til å få ta brikka i bruk sist veke då eg reiste i gravferd til Reidun.

Enno er eg ikkje kommen til abonnement som skal vidareførast eller seiast opp. Fekk ein purring på ein rekning her om dagen med ein godt skjult trussel om kva som kom til å skje dersom ikkje Illustrert Vitenskap blei betalt straks. Det stod eit telefonnummer der. Eg ringde, snakka med ein hyggeleg svenske som beklaga og sletta både abonnement og purregebyr mens eg venta. Redelege folk å treffa her også!

Den norske kyrkja er også på banen med tilbod om seminar og sorggruppe, og om minnegudstenester i forb. med Allehelgensdag. Så no er eg blitt festar av ei grav og må etterkvart ta stilling til tilbod om gravstein. Det stod ikkje navn på grava då me kom der første gongen etter gravferda, men det er heldigvis retta opp.

Utrusta med lys og blomar blei det ei fin lita samling ved grava Allehelgensdag. Mange hadde vore på "sine" graver og tent lys før oss, så det var eit fint syn i tusmørket då me kom, men det var vanskeleg å få fram på bilde.
Me delte våre tankar om døden og om himmelen, og dei minste kom også med sine minne om ein frisk og levande farfar. Ein som las høgt, som viste korleis dei skulle bruka ein vedkløyvar, og som tok dei med seg når flagget skulle heisast på Bømlo. Heretter er det berre i minnene våre han lever.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar