lørdag 30. mai 2026

Maidagar




Eit godt stykke ute i mai har det vore både 'ups and downs', lyse og mørke dagar.
Naturen er på sitt aller finaste., til og med på gravplassen.
I Stavanger er himmelen blå og knoppane sprett, mens eg gler meg over solnedgongane på Bømlo.  På veg dit fekk eg sjå mender av kusommar. Dei sakna eg så lenge eg budde austpå. No er det blåveisen som glimrar med sitt fråver.Tur til Melandsåta trudde eg ikkje eg skulle få bli med på meir, men jammso kom eg meg på toppen saman med store og små. Tur til Hydra og Jøssingfjord, samt Haaheim Gård. 





Dei  siste dagane har eg vore veldig sliten. Av å missa ei fortann! Først kjenna at ho ikkje tålte påkjenninga av å bita over eit hardt knekkebrød, men blei hengjande såvidt. Så prøva å få tak i tannlege tidleg på morgonen, og når eg så fekk ein akutt-time så måtte eg finna ut korleis eg skulle komma meg dit. To forskjellige bussar ettersom bilen var på verkstad. Tanna blei trekt. Kva for ein kostbart, tidkrevande og smertefullt rekonstruksjon skulle eg velja? Ny utfart i dag for å få rotfylling som ein start på prosessen. Så sliten av å sitja på sin bak i buss og tannlegestol. Heime var det administrasjon av forsikring på bil og mot skadedyr, samt vurdering av for og imot levegg på grensa til (alfor?) nære naboar. Slitsomt det også! 
Kommunikasjon på korøvelse: I pausen: Vil Mikal verkeleg baka brød til koristane frå alle kora? Dult til høgre: "Nei! Solo her. Dult til venstre: "Gigg, ikkje karjol" På vel ut: "Har eg eigentleg eit sjøgrønt/blått antrekk til konserten?"
Kommunikasjon på Hidrabussen: "Er alle mann på plass?" Ja..Nei! Det er ei som er på do" "Do? Her i bussen? Eller på ferja? Eller på venterommet på kaien?" "Ho er her no!" Javel, då kan me dra!"  Anne Margrethe kom med historiar om oppvekst på Hidra, om foreldra og krigen, mens Johannes kom på banen då me på hans heimetraktar. Her fekk eg også endeleg komma under helleren med dei gamle husa i Jøssingfjord som  me har kjørt forbi så mange gonger.



Mange problem med å ha eit gammalt hus, men også minnen forbunden med at mange minne er det spor av der. Ikkje så mykje gull og sølv, men eg har visst bortimot femten kaffeserviser (inkludert dei eg har i byen), mellomverk , kniplingar engelsk broderi. Er det noko eg kan leggja ut på auksjon til sommaren, skal tru? Kjekt er det også å sjå at barnebarna kan jobba, både med og utan løn. 
Og så er me jammen ommen til siste laurdag i mai. Det blir ikkje tid til skriving i morgon, det er sikkert. Då skal eg vera i Kirkens tjeneste frå halv ti om morgonen til halv ti om kvelden. Først ha delansvar for irkekaffe og delta på årsmøte, før eg kjappar meg heimom og kler meg i havblått og tar resten av dagen som korsangar på Utstein kloster. Det kan bli bra! Eg kjenner at eg gler meg sjølv om eg ikkje har heilt kontroll på tekst og tonar. Og på tirsdag skulle Knut ha fylt åtti...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar