tirsdag 23. juni 2026
Jonsokleite
Ja, i dag er det jonsokafta eller St.Hans som det heiter på finare og meir moderne språk. Det ligg ikkje an til at det blir bålbrenning på meg i år. Slike merkedagar er alltid litt triste, men eg får trøysta meg med alle bål eg har sett oppgjennom tid. Først ein lang og god periode i barndommen der alle gardsungane drog saman kvist og kvast og gamle saker til bålplassen på Høghaug, rett oppanfor huset vårt heime. Det galdt å ha det største bålet, og det som blei sist tent, etterat me i fleire timar hadde sett bål som lyste opp i alle kantar av bygda. Vårt bål var ofte det siste og største og finaste. Syns me! Seinare blei det stort bål og kjekke samlingar på stranda på Kvitsund. Kjekt for store og små! I Asker blei Nersnes staden for jonsokfeiring. På det fine området ved sjøen traff me folk, gjerne kjende frå heile Oslo-området. Så til sist har det blitt nokre feiringar med bål og mat på Himmel og hav. Den aller siste gongen eg var der for å visa Emilie eit skikkeleg jonsokbål, så blei det ikkje tent! Ein enorm pålandsvind gjorde det uforsvarleg å tenna bålet. Men seinare på kvelden tende dei sitt på Vaulenstranda. Dei skal visst få opp eit bål i kveld også, så kanskje eg må ha meg ein tur og sjå etter.
Har det elles hendt noko bra i juni? Eller trist?
Det var tungt å sjå alt graset som hadde teke overhand då eg kom til Bømlo for ei veke sidan. Varme og regn hadde gitt gode vekstvilkår. Når eg aldri har slått med ljå før så syns eg det er litt seint å starta no. Alle maskinane som skulle vera til hjelp i tur og orden, dei streika. Plenklyppar(ar), vaskemaskin og fjernsyn. Dei første kom i gang igjen, men det blir verre med fjernsynet no til helga når alle kjem og skal sjå VM-kamp. Det var lyspunkt også; Randi kom og raka saman graset og klypte rododendronbuskane, og det hjelpte på . Det samme gjorde elggryta me fekk til lunsj hos Anne.
Og den flotte solnedgangen før eg reiste heim igjen. Eller heim? Det følest naturstridig å sei at vegen frå Bømlo til Stavanger er vegen heim.. Heim skulle vera der ein fekk mest fred i sjela, så jammen om eg veit.
Eg prøver å ta kontakt med gamle venner for å kunna ta ein liten tur mot aust og sør. Etter å ha snakka lystig med Bjørg i fleire dagar så kom det melding i dag om at mannen var død i natt. Uventa. Så då blir det ikkje tur med henne, med det første. Fleire andre har også skrantande menn. Det er vel tida og alderen. Så me får sjå.
Elles er juni månaden for bursdagar. Først skulle Knut hatt sin store åttiårsdag, men i staden blei det roser til grava. Den åttande var det Per Helge sin dag, og i går blei Emilie 16, og eg fekk vera med å feira. Tida går så altfor fort!
I morgon skal eg få meg ny fortann. Ein dyr og ubehageleg affære. Og så står den store Bømlo-helga for tur. Spennande å sjå korleis det skal gå med alle som vil sjå fotball, og med utearealet som har skrumpa inn. Gjester i alle senger ser det ut for at dei blir, og det er kjekt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar